Konkurranseglede for to- og firbeinte

Denne helga var det duka for regionmeisterskap i rallylydigheit, og deltakarar frå ulike fylke tok seg turen til Årdal for å vere med på arrangementet.

Seimsdalen: Sjølve gjennomgangen frå start til slutt tek omlag 2-4 min. Hovudfokuset i rallylydigheit er glede og samspel; noko deltakarane ser på som den største fordelen som skil akkurat denne sporten frå agility og vanleg lydigheit.

– Det er ein veldig "lavterskelsport" som ikkje er like seriøs og meir leik og moro, forklarer Anne Marie Kvassheim, som har reist heilt frå Bergen for å nyte den flotte naturen i Årdal medan ho konkurrerer.

– Eg var her fyrst på meisterskapet i fjor, og synes i grunn det var veldig langt å reise for å konkurrere. Men under opphaldet mitt var eg på ein slik fantastisk fjelltur, og då bestemte eg meg for å ta turen tilbake i år òg.

Rallylydigheit går føre seg i fire ulike klassar i stigande vanskeligheitsgrad. Ein startar med 200 poeng, og blir trekt for eventuelle feil. Det er òg lett å bli diska dersom øvelsane ikkje blir gjort rett.

Stor suksess

Vinnaren av regionmeisterskapet må kome frå Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. Meisterskapet blir arrangert av Norsk Spaniel Klub avdeling Sogn og Fjordane, og Norsk Kennel Klubb region Nordvestlandet stiller med rosettar til kvar av regionmeistrane i dei ulike klassane. Sponsorar på både lokal -og landsbasis har sørga for eit flott og variert premieutval.

Dette er andre året det blir halde ein slikt arrangement i Årdal, der fjoråret òg blei ein stor suksess. Rallylydigheit kom til Noreg i 2005, og blei godkjent av Norsk Kennel Klubb først i 2013. I dag er det rekna som den hundesporten som veks fortast i landet, og er per dags dato nest størst etter utstilling. Rundt 70 ekvipasjar deltok i helga, med eit stort og variert mangfald i hunderasar.

Årets vinnarar:

Klasse 1: Lill-Iren Høiland, Flat Coated Retriever, 193 poeng. 
Klasse 2: Lill-Iren Høiland, Flat Coated Retriever, 197 poeng
Klasse 3: Gunnveig Fretland Hodlekve, Blandingshund, 192 poeng
Elite klasse: Vibecke Carlsson, Pumi, 200 poeng

Til toppen