Sogn: Det var Sogn og Fjordane fylkeskommune som i fjor haust vedtok å selje majoritetsposten sin i Fjord1 til transportselskapet Torghatten i Brønnøysund.
Fredag sende Konkurransetilsynet varsel til partane om at dei vurderer å setje foten ned for det omstridde salet.
– Vi fryktar at transaksjonen vil føre til redusert konkurranse i kommande anbodskonkurransar om drift av ferjesamband. Redusert konkurranse vil auke kostnadene for dei offentlege oppdragsgivarane og føre til høgare billettprisar for ferjepassasjerane, seier konkurransedirektør Lars Sørgård i ei pressemelding.
Tiltak ikkje nok
Dei forslaga Torghatten tidlegare i mai la på bordet om tiltak som kan dempe dei negative verknadene på konkurransen, er ikkje nok til å rette opp skaden, meiner tilsynet.
I mars bad Statens vegvesen – som ved sida av fylkeskommunane er oppdragsgivar for ferjedrifta i Noreg – Konkurransetilsynet om å stoppe samanslåinga av selskapa. Vegvesenet meiner det er god grunn til å frykte at oppkjøpet vil svekkje konkurransen og gi dyrare ferjetenester.
Ein fusjon av det som frå før er dei to største aktørane på ferjedrift i Noreg, blir ein gigant. Til saman kontrollerer dei litt over 60 prosent av den norske ferjeflåten.
Vedtak i sommar
Konkurransetilsynet skal gjere endeleg vedtak i saka innan 1. juli, etter at partane har fått kommentere dei førebelse vurderingane som tilsynet no har lagt fram.
Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i november i fjor med 16 mot 15 stemmer å selje seg ut av ferjeselskapet, som dei eigde 59 prosent av aksjane i gjennom selskapet F1 Holding. Minoritetseigaren i selskapet, reiarlaget Havila, protesterte og meinte dei har forkjøpsrett til aksjane og har stemna F1 Holding for retten. Den saka kjem opp i Sogn tingrett 29. august.