Flåm: Eit kart som er laga av NVE viser at flaumsona ved eit eventuelt ras er betydeleg mindre enn ein først trudde.
– Me visste at sona me først gjekk ut med var for stor og at ho ville bli mindre, men ho er blitt ein god del mindre no, seier seksjonsleiar i NVE Lars Harald Blikra til Porten.no.
Det var i fjor haust NVE varsla at ville gå inn med kontinuerleg overvaking av Joasetbergi inst i Aurlandsfjorden like nordaust for der E16 går inn i Fretheimstunnelen. Joasetbergi fekk då status som høgrisikoobjekt.
Artikkelen held fram under biletet.

Detaljerte analysar
Sidan oktober er det gjort meir detaljerte analysar av korleis ei bølgje vil bli. Den oppgåva er det Norges Tekniske Institutt som har hatt. Analysen syner at konsekvensane av ei flodbølgje er mindre enn ein først trudde.
- Les også: – Joasetbergi er eit høgrisikoobjekt
– Det er brukt dei beste metodane i Noreg og internasjonalt. Dei er ganske dyktige, så me stolar på desse analysane. Flaumsona vert avgrensa, men framleis kan det få konsekvensar for hamneområdet. Det er ikkje eit veldig stort fjellparti, så me er ikkje overraska, seier Blikra.
Faren ligg i at ei heilt frittståande blokk vest for Joasete skal rasa ut, denne har eit estimert volum på 280 000 kubikkmeter. Årleg gjennomsnittleg rørsle er om lag éin centimeter basert på målingar med differensiell GPS og bakkebasert radar.
Skal ha på plass overvakingsutstyr
Til hausten skal det implementerast utstyr for betre overvaking av fjellpartiet. Akkurat no vert det nytta ein radar som måler heile fjellsida. Utstyret vil koste rundt 5 millionar kroner. På dei siste seks månadene har fjellet flytta seg 3 millimeter. Sannsynet for eit ras er framleis det same – mellom 1 og 0,1 prosent.
– Fjellet flyttar seg i underkant av ein centimeter i året. Til samanlikning har me andre parti som me overvakar som flyttar seg 7-8 centimeter i året, forklarar Blikra.
Innførte byggjestopp
Då dette vart offentleggjort i haust, vart det innført byggjestopp i Flåm. No går kommunen i gang med ein planprosess med føremål om å opna for å byggja i dei områda som ligg i faresona.
- Les også: Rasfare fører til byggjestopp i Flåm
– Me har ein beredskapsplan som går på Stampa, og inni denne ligg Joasetbergi. Det blir nokre justeringar i den. I tillegg skal me lage innsatsplanar som må godkjennast, seier Reinhardt Sørensen, som er tenesteleiar for teknisk i Aurland kommune.
Det er individuelt frå fjell til fjell, men basert på generelle og lokale erfaringar, lagar NVE retningslinjer for kva som må til for at det faktisk er fare for ras med grønt, gult, oransje og raudt nivå.