TRUGA: I løpet av dei næraste ti dagane blir lagnaden til Ljøsne skule etter alt å døma avgjort - FAU ved skulen meiner ein del konsekvensar ved nedlegging ikkje har kome fram. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
TRUGA: I løpet av dei næraste ti dagane blir lagnaden til Ljøsne skule etter alt å døma avgjort - FAU ved skulen meiner ein del konsekvensar ved nedlegging ikkje har kome fram. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

– Konsekvensane av nedlegging har ikkje kome fram

FAU ved Ljøsne skule meiner moment som skulekrinsgrenser, eventuell etterbruk av bygningsmassen og konsekvensane for grenda generelt har fått alt for lite merksemd i nedleggingsdebatten

Lærdal: – Me tykkjer ein del konsekvensar av skulenedlegging ikkje har kome fram. Kva dette vil få å seia for lokalmiljøet, aktivitet på kveldstid og korleis det blir med skuleskyss for ungane. Korleis grensene for skulekrinsane vil bli er det ikkje sagt noko om, seier leiar ved FAU ved Ljøsne skule, Hans W. Tønjum.

I løpet av den komande halvanna veka blir det bestemt om Ljøsne skule skal leggjast ned eller ikkje. Først kjem saka opp i eit ekstra formannskapsmøte onsdag 12.oktober, så i kommunestyret torsdag 20.oktober.

Når saka skal opp i formannskapet er framlegget til vedtak frå rådmannen at Ljøsne skule blir lagd ned. Bakgrunnen for dette er at kommunen skal spara fire millionar kroner på driftsbudsjettet for oppvekst, noko ein i følgje kalkylane vil oppnå ved å leggja ned skulen.

– Dei nye skulekrinsgrensene vil få konsekvensar

 Vidare legg administrasjonen opp til at skulekrinsgrensene skal opp i eiga sak seinare.

– Det er ikkje sagt noko om skulekrinsgrensene, men korleis desse blir vil få ein del konsekvensar. Skal ein dela Ljøsne i to slik at ungane som bur øvst på Ljøsne skal opp på Borgund og dei i nedste del ned på Øyri? At dette skiljet går ved Bøabrui vil ikkje vera unaturleg. Det vil føra med seg ein del transport av ungar til og frå skulefritidsordninga, som igjen fører til at foreldre må tidlegare heim frå jobb, seier Tønjum i FAU ved Ljøsne skule.

Mellom anna trekkjer Tønjum fram at praksisen med fritt skuleval som har vore i Lærdal kan falla vekk. No er det slik at elevar som bur i ein skulekrins i praksis kan velja ein annan skule. Dette føreset at det er kapasitet på vedkomande skule.

Til dømes nemner Tønjum eit mogleg scenarie med elevar som kjem innanfor skulekrinsen til Borgund skule og har foreldre som jobbar på Lærdalsøyri. 

– Kommunen er ikkje forplikta til å ha fritt skuleval i framtida. Så i ein slik situasjon vil det ikkje nødvendigvis vera automatikk i at ein får flytta born ned på Lærdalsøyri skule med grunngjeving at dei sjølve jobbar på Øyri. Eller med grunngjeving at vennegjengen blir splitta.

– Vil gymsalen bli lagt ned?

For når det kjem til tal elevar per lærar er kapasiteten definitivt størst på Borgund skule.

– Skal alle dei førti elevane frå Ljøsne ned på Lærdalsøyri og tal lærarstillingar samstundes aukast med berre to og ein halv vil det nærma seg tjue elevar per lærar - det slår ikkje gunstig ut på lærar-elev-forholdet. Verken for elevane frå Ljøsne eller Øyri. 

Rådmannen tilrår vidare for formannskapet at administrasjonen får i oppdrag å leggja til rette for sal eller bruk av skulebygningen på Ljøsne som ikkje belastar det kommunale driftsbudsjettet. 

– Vil gymsalen bli lagd ned? Skal kommunen spara så mykje pengar som dei legg opp til må dei no legga ned gymsalen. Og vil det bli lagt til rette for bruk av skulebygningen på kveldstid? spør Tønjum.

Les også: Opna ny huske før lagnadshausten

– Svært sjeldan treft innertiar når dei reknar på budsjett

I formannskapsmøtet 29.september var innsparingssummen ved nedlegging av Ljøsne skule 5,2 millionar kroner i følgje administrasjonen. Tønjum føler seg ikkje sikker på at dette er eit reelt tal.

– For å seia det slik har vel kommunen svært sjeldan treft innertiar når dei reknar på budsjett. Alle på Ljøsne meiner at ein ikkje vil få innsparing av denne storleiken ved nedlegging. Slik at det blir eit avvik mellom summen ein gir opp og det ein faktisk kjem til å oppnå.

Tønjum er klar på at dei ikkje ønskjer ei utsetjing eller vidare trenering av saka, men minner om følgjande avslutningsvis:

–​ Skulen er eit av hovudargemneta for tunnelen forbi Ljøsne. Kjem ikkje den blir vegen lagt over landbruksjord.

 

Til toppen