Konsentrerer søket rundt elva

Konsentrerer søket rundt elva

Laurdagens søk etter den sakna mannen i Øvre Årdal var resultatlaust.

Søndag fortel operasjonsleiar, Helge Øvstetun, at leitemannskapet kjem til å ha fokus på elv. 

– Ikkje fordi me trur han ligg der, men fordi me har gjort eit grundig og godt søk på land. Sivilforsvaret går no langs vasskanten på Årdalsvatnet og opp mot sentrum, seier Øvstetun til Porten.no.

LES OGSÅ: Politiet ber folk sjekke eigedommane sine

Søket starta klokka 10.00 i dag etter at gårsdagens søk vart avslutta resultatlaust.

Ingen spor

GRUNDIG SØK: Eit grundig finsøk på land laurdag var resultatlaust.
GRUNDIG SØK: Eit grundig finsøk på land laurdag var resultatlaust.

– Me har ikkje fått nokon spor eller tips i politiretning som går oss noko forklaring på kor vedkommande kan vera, seier operasjonsleiaren.

Etter at søket vart avslutta i går ved 19-tida vart de sett ut lyttepostar i laupet av natta slik at dersom den sakna skulle rope om hjelp, ville dei høyre det.

Søket har sidan fredag vore konsentrert mot turområde som den sakna 24-åringen frå Eritrea, som er bebuar ved asylmottaket i kommunen, pleide å gå i.

Må vurdere søk i vatn

HELIKOPTER: Laurdag vart også eit Seaking-helikopter nytta i leiteaksjonen.
HELIKOPTER: Laurdag vart også eit Seaking-helikopter nytta i leiteaksjonen.

Søndag kjem leitinga altså til å gå mot vatn og elv, men også eit område forbi Vetti kalla Brendeteigen, der leitemannskapet ikkje fekk leitt skikkeleg laurdag. 

Dersom søket også i dag er resultatlaust, må politiet vurdere å trappe opp aksjonen. 

– Då må me ta ein runde på det og oppsummere. Kva gjer me i morgo? Har me planar? Er det nokon plass me ikkje har søkt? Me må venta til i kveld og sjå. Det som eventuelt står att er søk i elva. Me har folk i Sogn og Fjordane som kan gjera det, men då må det klarerast gjennom hovudredningssentralen i Stavanger, seier Øvstetun, og seier leitinga krever sin mann. 

LES OGSÅ: Vil komma i kontakt med joggar

Dette har skjedd

Ein 24 år gamal asylsøkar frå Eritrea er meldt sakna i Øvre Årdal. Torsdag 12.00 blei mannen observert då han kom med buss frå Årdalstangen. 

SAKNA: 24-åringen frå Eritrea er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.
SAKNA: 24-åringen frå Eritrea er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.

Politiet fekk først melding om at mannen var sakna fredag klokka 12.00, eit døgn etter. Seinare er det gjort observasjonar ved Naturhuset i Skåri og framme i Vetti i Utladalen som kan passa skildringa av mannen. 

Politiet har difor konsentrert leitinga si i Utladalen og i turområde som 24-åringen nytta. Sivilforsvaret, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, representantar frå kommunen, Norske Redningshundar og politiet, til saman rundt 40 personar, er i sving for å leita etter eritrearen. Også eit Seaking-helikopter har blitt nytta både i leitinga og til å frakte mannskap ut i områda dei leitar.

Førebels står politiet utan fleire spor, men har bedt publikum om å halde augo opne. Dei ber også bebuarar i Utladalen om å sjekke eigedommane sine etter moglege spor.

24-åringen er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.

Til toppen