UTFORDRANDE: Svein Richard Brandtzæg, konsernsjef i Hydro, fortel at aluminiumssituasjonen i Brasil gjorde 2018 til eit utfordrande år.
UTFORDRANDE: Svein Richard Brandtzæg, konsernsjef i Hydro, fortel at aluminiumssituasjonen i Brasil gjorde 2018 til eit utfordrande år. (Foto: Norsk Hydro/Flickr)

Konsernsjef i Hydro: - 2018 har vore eit krevjande år

Svein Richard Brandtzæg, konsernsjef i Hydro, fortel at aluminiumssituasjonen i Brasil gjorde 2018 til eit utfordrande år.

Årdal: Det går fram av årsrapporten som vart offentleggjort fredag.

Situasjonen ved Alunorte i Brasil og ringverknadene av dette, har svekka resultata både finansielt og i høve framgangen av forbetringsprogramma, melder selskapet. 

– I tillegg har ulike straffetoller og sanksjoner påvirket globale markeder og handelsstrømmer i løpet av det siste året, med innvirkning også på vår bransje, seier Brandtzæg.

Likevel kan Hydro melde om eit resultat på vél 4,3 milliardar og rapportert EPS (journ.anm resultat per aksje) er 2,08.

Til toppen