Konsert til spektakulære bilete

Konsert til spektakulære bilete

Også i år blir det «Under Storen»-konsert under Nasjonalparkfestivalen.

Styret i Nasjonalparkfestivalen gjentek suksessen frå i fjor. Også i år blir det konsert «Under Storen» komande fredag.

– I fjor fekk me ideen om å presentere musikk ilag med naturenvår. Konseptet er at me startar på den eine sida av fjorden, heilt ved kommunegrensa mot Lærdal, og så filmar ein områda før ein snur ved Oppland og ender opp ute i fjorden att på andre sida, fortel Frank Eldegard.

Musikken er då tilpassa bileta slik at når ein ferdig med å visa fram bileta, så er konserten og musikken slutt.

I år er det kjende ansikt i Monica Rennan Hjelle som står på scena. Med seg i bandet er eit anna kjend ansikt i Per Hillestad. 

– Det er ein god del bilete, og dette gjorde me i fjor og fekk eit opplegg med god balanse, som gjorde at det vart godt motteke. Der traff med veldig bra, så det var ein del som kom i ettertid og sa det var ein flott konsert, seier Eldegard.

– Då tenkte me at ein «Under Storen»-konsert kan vera eit fast innslag. Sjølv om ein ikkje spelar på dei same tinga, så set me opp att konseptet. Musikken er populær og kjend musikk framført av dyktige musikarar. 

Seinare på kvelden er det Olav Stedje som skal stå for underhaldninga. 

– Me har med han også for å laga ein heilaftan av det. Då har folk moglegheit til å reisa ut, og så er det mogleg å få med seg anten det eine eller begge delar.

Til toppen