VIL UTVIDE: Vik-ordførar Roy Egil Stadheim er optimisik rundt planane for å utvide Vik fengsel.
VIL UTVIDE: Vik-ordførar Roy Egil Stadheim er optimisik rundt planane for å utvide Vik fengsel. (Arkiv/Google Maps)

Konsulentbyrå tilrår nedlegging av Vik fengsel. Ordføraren vil utvide

Roy Egil Stadheim er ikkje overraska av konklusjonen.

Vik: Nedlegging av Vik og ti andre fengsel på Vestlandet. Så etablering av tre nye fengsel i Bergen, Ålesund og Stavanger. 

Det var konklusjonen til konsulentselskapet Dovre Grouo Consulting. Dei har arbeida fram ein rapport på fengselskapasiteten på Vestlandet. Regjeringa er oppdragsgivar. 

Same dag som rapporten vart offentlegjort, la regjeringa den vekk. Dei vil ikkje gjere noko med organiseringa av fengsela. 

  Foto: Privat

Ikkje imponert av pengebruk

I 16 år var Roy Egi Stadheim leiar på Vik Fengsel. No er han i permisjon fordi han har blitt ordførar i kommunen. Han er ikkje imponert over pengebruken. 

– Rapporen kjem, også blir den lagt i ei skuff. Det er som forventa. Det var dette vi visste ville skje, seier Stadheim. 

No vil han be om eit møte for å utvide fengselet. Fengselet har i dag rett under 39 plassar og om lag 50 tilsette. 

– No ønskjer me å sette i verk utvidingsplanane me hadde for ei stund tilbake. Me ønskjer å utvide kapasiteten med tretti plassar, seier Stadheim

– Skal bli naboane våre

Utvidinga kan også gi mellom 20 og 25 nye arbeidsplassar i fengselet.

Kommunen har allereie regulert planen, og fengeslplassar er det behov for, forklarar Stadheim. 

Han meiner desentrale fengsel er viktig for kriminalomsorgen. 

– Dei innsette skal ut av fengsel ein gong. Dei skal bli naboane våre. Desentraliserte fengsel er den beste måten å få det til på. Her kan heile kommunen vere ein endringsarena for dei, seier Stadheim. 

Stadheim meiner at store fengsel fører til at dei innsette blir ein i massen. Det slepp dei i Vik. 

– Eg har alltid sagt at i staden for store fengsel, er det mykje betre å ha plassar der vi kan drive endring. Det ligg i namnet, kriminalomsorg, seier han. 

Til toppen