SIGNERT: Fungerande regionvegsjef Tone Oppedal og dagleg leiar Ole Petter Flage signerer kontrakten.
SIGNERT: Fungerande regionvegsjef Tone Oppedal og dagleg leiar Ole Petter Flage signerer kontrakten. (Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen)

Kontrakten er teikna, no startar arbeidet med ny tunnel i Årdal

Skal gjera fylkesvegen mellom Øvre Årdal og Holsbru tryggare.

Leikanger/Årdal: Statens vegvesen signerte fredag kontrakt med Flage Maskin AS om bygging av ein ny tunnel i Ljoteli på fylkesveg 53 i Årdal.

– Me ser føre oss å starta arbeidet rundt månadsskiftet, og me har planar om å byrja på sjølve tunneldrivinga i januar, seier prosjektleiar Erik Flage i ei pressemelding fredag.

Tunnelen blir rundt 1,1 kilometer lang, og skal sikre eit bratt parti av stigninga opp frå Øvre Årdal mot steinsprang, nedfall av is og snøskred.

Sju entreprenørar konkurrerte om kontrakten, som er verdt 210 millionar kroner utan moms.

– Me ser fram til å få utbetra vegen i Ljoteli, og me oppmodar folk i Årdal til å ha tolmod med oss, då det blir mykje arbeid og stengingar ut over hausten og vinteren, seier prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen.

Til toppen