FYLKESKOMMUNEN: Ein forvaltningsrevisjon skal vurdere innkjøpa til fylkeskommunen. Illustrasjonsfoto
FYLKESKOMMUNEN: Ein forvaltningsrevisjon skal vurdere innkjøpa til fylkeskommunen. Illustrasjonsfoto (Foto: Halvor Farsund Stovik)

Kontrollerer innkjøpa i fylkeskommunen

Kontrollutvalet har bestilt ein forvaltningsrevisjon for å vurdere om innkjøpa i fylkeskommunen er i samsvar med lov om offentlege anskaffingar.

Målet med denne revisjonen er å sikre at Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit system som sikrar at innkjøpa vert gjort i tråd med regelverket om offentlege anskaffingar, og at fylkeskommunen etterlever regelverket i oppfølginga av leverandørar.

Deloitte er forvaltningsrevisoren til fylkeskommunen og skal gjennomføre forvaltningsrevisjonen. 

– Dette er eit prosjekt som vil vere med å sikre fylkeskommunen eit godt renommé, og som vil bidra til å gjere fylkeskommunen betre og meir truverdig for innbyggjarane i fylket. Offentlege innkjøp er utfordrande, og det er viktig for alle at fylkeskommunen viser at dette er eit område ein har god kompetanse på, og at denne kompetansen vert nytta til å gjennomføre gode og trygge innkjøp i samsvar med lovverket, seier leiar i kontrollutvalet Sogn og Fjordane fylkeskommune, Frank Willy Djuvik.

Skal sjå spesielt på sosial dumping

Forvaltningsrevisjonen skal kontrollere heile innkjøpssystemet i fylkeskommunen, men kontrollutvalet har bedt om at revisor spesielt skal kontrollere tiltak mot sosial dumping i innkjøpa. 

I fjor kom Riksrevisjonen med ein rapport som synte at berre 54 prosent av norske kommunar og fylkeskommunar har rutinar som sikrar at ein i utlysinga av anbod har krav til lønns- og arbeidsvilkår. Berre 23 prosent har rutinar som sikrar løns- og arbeidsvilkår i oppfølginga av leverandørar som leverer varer og tenester til kommunesektoren.

– Innbyggjarane skal kunne ha tillit til at fylkeskommunen tek problema med sosial dumping på alvor, og at tilsette hos leverandørane til fylkeskommunen har skikkelige løns- og arbeidsvilkår i tråd med norske lover og reglar, seier Djuvik.

Forventar at rutinane er gode og trygge 

Kontrollutvalet forventar at fylkeskommunen har gode og trygge rutinar for konkurranseutsetting og gjennomføring av innkjøp, i tillegg til kontrollrutinar som sikrar at innkjøpa og oppfølginga av leverandørane vert gjort i samsvar med lover og reglar. 

– Deloitte har tidlegare synt at dette er eit revisjonsområde dei har stor kompetanse og kunnskap på, og vi er sikker på at vi vil få ein god og grundig rapport på korleis tilstanden er på dette feltet, avsluttar Djuvik.

Til toppen