Kaupanger – Bryne: 4-1
Kaupanger møtte Bryne på heimebane søndag. Kampen enda med siger til jentene frå Kaupanger.
Miriam Vilnes Mjåseth scora Kaupanger sitt første mål i kampen. 10 minutt etter scorar Tea Berteig deira andre. Like før pause scorar Tea Berteig enda eit mål, og Kaupanger går dermed til pause med ei leiing på tre mål.
- Jentene hadde god kontroll etter første målet. Me ledar 3-0 til pause, og føler eigentleg at me har kontroll på sigeren, fortel trenar Øystein Lindesteg Rinde.
Godt gjennomført kamp
I andre omgang scorar Miriam Vilnes Mjåseth sitt andre mål i kampen. Då det berre er 10 minutt igjen av kampen, leiar Kaupanger 4-0 over Bryne. Etter 80 minutt får Oline Øfsteng og Bryne eit mål.
- I andre omgang får me 4-0, og ser at dette går vår veg. Bryne får til slutt eit trøstemål, og kampen endar 4-1. Det er ein godt gjennomført kamp av jentene.
- Det me må jobbe med framover er å ha meir trøkk i byrjinga av kampane. Men eg er godt nøgd med dagens kamp, avlsuttar han.