KONTROLL: UP sette inn ein ekstrainnsats mot promille i førre veke knytt til julebordsesongen. Av 312 kontrollerte, var det éin som vart teken med lågpromille. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 
KONTROLL: UP sette inn ein ekstrainnsats mot promille i førre veke knytt til julebordsesongen. Av 312 kontrollerte, var det éin som vart teken med lågpromille. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 

Kontrollerte 312 bilar i promilleaksjonen

312 sjåførar vart kontrollerte i Årdal, Lærdal og Aurland under promilleaksjonen i førre veke. Resultatet er oppløftande. 

Årdal: Av desse 312 var det «berre» éin som vart teken med rus. Det var i Lærdal fredag føremiddag. 

– Dette var ein lågpromille. Her er det teken blodprøve, og me ventar på svar, seier Knudsen.

Ut over det var det eit oppløftande resultat på denne sida av fjorden.

– Det er det gledelege, og det er noko me er godt nøgde med. Måtte det berre vare, seier Knudsen. 

Til toppen