Årdal/Aurland: Natt til søndag hadde politiet promillekontroll i Aurland, E16. 25 førarar blei kontrollerte, men ingen gav utslag.
På RV53 mellom Årdal og Fodnes var det også kontroll natt til søndag. Politiet kontrollerte 55 førarar. 5 fekk forenkla førelegg, der den høgste farten var 96 km/t i 80-sone. Ein fekk gebyr for manglande førarkort.