INGEN UTSLAG: Då politiet gjennomførte promillekontrollar både i Årdal og Lærdal søndag, var det ingen køyrde påverka. 
INGEN UTSLAG: Då politiet gjennomførte promillekontrollar både i Årdal og Lærdal søndag, var det ingen køyrde påverka. 

Kontrollerte sjåførar for promille

Politiet gjennomførte promillekontroll over heile fylket.

Årdal/Lærdal: Og to av plassane politiet stoppa for å utføre promillekontrollar var i Årdal og Lærdal. 

I Årdal vart kontrollen utført i Hjerteviki på fylkesveg 53 rundt 09.00. Her vart 38 sjåførar kontrollerte, men ingen gav utslag.

Heller ikkje i Lærdal var dette noko problem. Promillekontrollen som vart gjort på Håbakken, var det 33 sjåførar som bles grønt på. 

Elles var det ei hektisk natt for politiet natt til søndag. I Øvre Årdal vart det meldt om slåstkamp, men dette vart ordna på staden. 

I Øvre Årdal vart det også meldt om skadeverk på ein bil utanfor ein utestad. Gjerningspersonen er mogleg kjend for politiet.

Dei fornærma i begge sakene vert oppmoda av politiet til å melde forholda.

Til toppen