NY HANDSAMING: Kontrollutvalet meiner kommunestyret i Lærdal bør handsama turlagsaka på nytt etter at det har kome fram nye opplysningar i saka. Det var innbyggjar og tidlegare leiar i Lærdal Turlag, Åge Årdal (biletet), som tok opp saka før sommaren. Skilta det gjeld høyrer til turstiar rundt om i kommunen, ikkje Kongeveg-skilta som er avbilda her. (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Kontrollutvalet ber kommunestyret ta ein ny runde med turlagsaka

Slik kan turlagsaka i Lærdal få si avslutning.

Lærdal: Nye opplysningar har kome fram etter at kontrollutvalet har sett nærare på den såkalla turlagsaka i Lærdal, der tidlegare leiar i Lærdal Turlag, Åge Årdal, har synt at midlane turlaget fekk overført frå Lærdal kommune ikkje fanst. 

Til saman er det snakk om 210.000 kroner som er brukt til å merke turstiar i kommunen. No har det kome fram opplysningar som viser at pengane finst. Då sluttrekneskapen til Berekraftprosjektet vart vedteken i 2014, stod det at kommunen hadde overført 1,5 millionar kroner.

– Etter litt graving har det kome fram at det er feil at kommunen løyvde 1,5 millionar kroner. Dei løyvde til saman 1,8 millionar kroner. Det er det eine. Det andre er at dei 210.000 kronene er ført opp som inntekter, fortel leiar i kontrollutvalet Jarle Offerdal til Porten.no etter møtet deira måndag.

Det betyr at det pengane ikkje allereie var brukt opp då desse 210.000 kronene blei overført i 2015.

To utfall

Med desse nye opplysningane meiner kontrollutvalet at kommunestyret må ha saka opp til ny handsaming. Følgjer dei folkevalde anbefalinga frå utvalet, kan saka få to utfall. Det eine er at kommunestyret godkjenner rekneskapen. I så fall må det lagast eit nytt prosjektrekneskap der opplysningane kjem inn, samt ein avtale med turlaget som seier noko om rapportering om bruk av midlane.

Det andre er at turlaget må betala tilbake heile summen på 210.000 kroner. 

– Me håpar at med dei anbefalingane me no sender til kommunestyret, så vil saka få ei god og seriøs avslutning, seier Offerdal.

Kritikk

Porten.no omtalte saka for første gong i mai då Åge Årdal tok ho opp. Saka vart same månad utsett i kommunestyret før ho vart handsama i kontrollutvalet i juni og deretter trekt i neste møte i kommunestyret. Då kritiserte revisoren det faktum at det ikkje vart gjort eit politisk vedtak om at turlaget skulle få pengane den gongen.

– Skal ein sjå på det positive ved saka, så er det at dette er ei sak som starta ved at ein innbyggjar kom med eit innspel. Det syner at innbyggjarane veit kor dei skal vende seg dersom dei lurer på noko. Samstundes har arbeidet med saka tatt lang tid. Me brukar nesten eit år på dette, og eg kan forstå frustrasjonen det byr på. Men me har gjort dette grundig og fått alle fakta på bordet.

Til toppen