Lærdal: Vedtaket inneheldt to moment; for det første at pengane bør betalast tilbake, for det andre at det bør koma opp ei forklaring frå administrasjonen på kvifor pengane vart utbetalt til turlaget i første omgang.
Saka gjeld 210 323 kroner som Lærdal kommune betalte til Lærdal turlag i 2015 for at laget skulle ferdigstilla turskiltprosjektet – eit nasjonalt prosjekt for merking og skilting av turvegar.
- Føreligg ikkje spor av politiske vedtak knytt til utbetalinga

Åge Årdal, innbyggjar i Lærdal, meiner å kunne dokumentera for det første at pengane som vart utbetalte i 2015 realiteten alt var brukte opp i prosjektet, som frå prosjektstart i 2011 låg under bêrekraftpiloten. For det andre at utbetalinga ikkje var lovleg ettersom det ikkje ligg føre dokumentasjon på at kommunestyret i 2014 vedtok denne utbetalinga.
Les også: Meiner kommunen tildelte turlaget pengar som alt var oppbrukte
Under møtet i kontrollutvalet tysdag var revisor Gunn Irene Sviggum Bruheim i Deloitte til stades. Ho les opp revisor sin kommentar til saka, som er klar på at utbetalinga til turlaget ikkje gjekk føre seg på korrekt vis,
For det første peikar notatet på at det ikkje er tilstrekkjeleg dokumentasjon på kjøp av tenester frå det private, altså at kommunen "kjøpte" tenester i form av utbetaling til turlaget for å ferdigstilla turskiltprosjektet.
Vidare heiter det i notatet at:

"Beløpet kr 210 323 var ikkje ein del av den godkjende rekneskapen og er også betalt ut etter at prosjektrekneskapen vart avslutta. Det føreligg ikkje spor av politiske vedtak knytt til utbetalinga, og frå våre undersøkingar synes det klart at den politiske behandlinga knytt til prosjektet vart avslutta med kommunestyremøte i desember 2014.
Om utbetalinga hadde vore vedteken av kommunestyret, ville den kommunestyrevedtekne prosjektrekneskapen likevel ha vore feil, då utbetalinga på kr 210 323 ikkje er ført som kostnader i prosjektrekneskapen før denne vart avslutta."
Endra tilrådinga
Tilrådinga til kontrollutvalet gjekk i første omgang ut på at kommunestyret burde ta oppatt prosjektrekneskapen frå Bêrekraftpiloten, som turskiltprosjektet låg under då, og føra dei 210 323 kronene som kostnad i rekneskapen; vidare at det måtte spesifiserast korleis turlaget skulle bruka midlane.
Noko som i praksis ville føra til at Bêrekraftpiloten gjekk med drygt 170 000 kroner i meirforbruk, mot 40 000 kroner i mindreforbruk - som den godkjende rekneskapen i 2014 synte. Og saka kunne avsluttast der; det var den opphavelege tilrådinga.
Dersom kommunestyret ikkje godkjende denne endringa i prosjektrekneskapen, måtte turlaget betala tilbake dei 210 323 kronene, heitte det vidare.
Men etter notatet frå revisor kom gjekk ny tilråding direkte på at det bør setjast i verk tiltak for at turlaget betalar tilbake pengane. Og at administrasjonen forklarar kvifor utbetaling vart gjort i utgangspunktet. Denne nye tilrådinga kom på bordet for kontrollutvalet onsdag og vart samrøystes vedteken.
Då saka var oppe i kommunestyret i mai vart den utsett.
Les også: Setteordføraren si dobbelstemme gjorde at skiltsaka vart utsett
Dermed vil den koma oppatt for kommunestyret med kontrollutvalet sitt vedtak vedlagt.
Første moglegheit for at saka kjem opp att er kommunestyremøtet 22. juni.