HAR KONKLUDERT: Kontrollutvalet meiner kommunen må be alle tilsette som har opplevd arbeidsmiljøproblema på kroppen om orsakting. Samstundes vil dei ha på plass rutinar for å handtera konfliktar, samt oppattaking av tre varslingssaker. Frå venstre: Anne Skaar (SV), leiar Arnt Hovland Munthe (H), Bjarte Stedje (Sp), Geir Volle (Ap).
HAR KONKLUDERT: Kontrollutvalet meiner kommunen må be alle tilsette som har opplevd arbeidsmiljøproblema på kroppen om orsakting. Samstundes vil dei ha på plass rutinar for å handtera konfliktar, samt oppattaking av tre varslingssaker. Frå venstre: Anne Skaar (SV), leiar Arnt Hovland Munthe (H), Bjarte Stedje (Sp), Geir Volle (Ap). (Øyvind Nondal)

Kontrollutvalet refsar måten kommunen handterte problema i barnevernet: «Svært alvorleg systemsvikt»

Frå 2011 til 2016 var konfliktane i Sogn barnevern så alvorlege at det førte til psykiske påkjenningar for dei tilsette. Men enno finst det ikkje rutinar for å handtera konfliktar i Sogndal kommune. Det får kontrollutvalet til å steila. Dei meiner kommunen bør be alle involverte tilsette om orsaking.

Sogndal: Dei fem medlemmene i kontrollutvalet i Sogndal har dei siste par månadane sett seg inn i rapporten om Sogn barnevern og dei alvorlege arbeidsmiljøproblema som fekk herja der gjennom fleire år.

I rapporten får kommunen krass kritikk for måten dei handterte konfliktane og varsel frå tilsette.

– Dette er etter kontrollutvalet si meining ein svært alvorleg systemsvikt, skriv dei i ei fersk tilråding til politikarane i kommunestyret.

Dei får saka på sitt bord i midten av januar.

Sjølv i dag manglar system for konflikthandtering

Frå 2011 til 2016 var konfliktane i Sogn barnevern så alvorlege at det førte til psykiske påkjenningar for dei tilsette. Dette er eit brot på arbeidsmiljølova, konkluderer granskarane som står bak rapporten.

– Kontrollutvalet meiner kommunen bør rette ei orsaking til alle involverte tilsette, når det no i ettertid viser seg at iverksette tiltak i ein lenger periode ikkje bidrog til å løysa arbeidsmiljøkonfliktane i barneverntenesta, skriv utvalet i tilrådinga.

I rapporten går det fram at kommunen framleis manglar system for å handtera konfliktar, sjølv etter å ha slite med dei i årevis. Kontrollutvalet meiner dette er kritikkverdig. Kommunen får òg kritikk for å ha somla i handsaming av varsel og for at dei ikkje har gått djupt nok inn i varsla til å få dei avklara.

– Kontrollutvalet meiner det er svært viktig at ein tek lærdom av dette og at ein snarast får på plass gode rutinar og retningsliner for konflikthandtering. Desse rutinane må gjerast godt kjent i organisasjonen, er konklusjonen.

Meiner kommunen bør sjå på varslingssaker på nytt

Kontrollutvalet meiner òg tre konkrete varslingssaker omtalte i rapporten bør vurderast på nytt. I den eine konkluderer granskarane med at ein leiar har «opptrådt utilbørleg», noko som er i strid med arbeidsmiljølova. I dei to andre landar dei under tvil på at lova ikkje har blitt broten, noko kontrollutvalet altså meiner er grunn god nok til å ta ein ny vurderingsrunde.

I rapporten blir det påpeika at det ofte manglar referat frå møter og samtalar om arbeidsmiljøproblema. Dette er eit brot på den såkalla internkontrollforskrifta, som er ei rekkje krav til systema kommunane har for å sørga for helsa, miljøet og tryggleiken for dei tilsette.

Kommunestyret skal handsama saka i neste møte 13. desember. 

Kontrollutvalet meiner det ikkje er naudsynt for politikarane i kommunestyret å lesa heile rapporten. Dei meiner saka er godt nok opplyst med dei dokumenta som er lagt ved  tilrådinga.

Til toppen