– TILHØYRER SOGNDAL: Gilbert Koomson var tilbake på kunstgraset i Sognahallen tysdag. Om han spelar i Sogndal-trøye denne sesongen, er framleis ikkje klart. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Koomson: – Dei snakkar framleis, ingenting er stadfesta

Gilbert Koomson kan vere aktuell for fotball i statane, men førebels forblir assistkongen i Eliteserien Sogndal-spelar.

Sogndal: Tysdag såg han først på treninga til resten av Sogndal-troppen før han sjølv entra kunstgrasmatta i Sognahallen. 

Laurdag kunne TV 2 melde at ghanesaren var på veg til Major League Soccer-klubben Colorado Rapids i USA. Kanalen erfarte også at klubbane var samde om ein overgangssum på 600.000 dollar pluss bonus.

Til Porten.no kan verken hovudpersonen sjølv, sportsleg leiar Håvard Flo eller Sogndal-trenar Eirik Bakke stadfeste noko.

– Kor nærme er du ein overgang?

– Eg veit ikkje. Dei (klubbane journ. anm.) snakkar framleis. Ingenting som tyder på at det er 100 prosent enno. Eg tilhøyrer Sogndal og vil vere her. Viss overgangen ikkje skjer, blir eg verande her, seier Koomson til Porten.no.

– Vil gjerne bli, men

Han forklarar at årsaka til at han ikkje var med på heile økta tysdag var fordi han har hatt ei lang reise og kjende seg trøytt. 

– Kor stor sjanse er det for at du reiser til statane?

– For å vere ærleg vil eg gjerne bli her, men som spelar må ein alltid sjå fram mot nye utfordringar. Ingenting er stadfesta, så eg tilhøyrer Sogndal. Du må vente å sjå, legg han til.

Trekk til seg mykje interesse

Heller ikkje Flo kan seie noko om kva som skjer vidare, men registrerer at interessa er stor frå fleire hald om dagen. Koomson leverte tre mål og ti målgivande pasningar i Eliteserien i fjor. Ingen hadde fleire enn det.

– Det er bra interesse rundt han om dagen, og det har det vore lenge. Det er ikkje unaturleg at klubbar seg på han, men ingenting er avklart verken den eine eller andre vegen, seier Flo til Porten.no og legg til at representantar frå den amerikanske klubben ikkje har vore i Sogndal.

– Har andre klubbar vore her for å sjå på Koomson?

– Det har det sikkert utan at eg veit eksakt. Tida får vise kva som skjer.

Stengja flyplassar

Sogndal-trenar Eirik Bakke innser også at med den sesongen 22-åringen hadde i fjor, der han også fekk sin debut for landslaget til Ghana, er det naturleg med interesse.

– Me får berre stengja alle flyplassar, smiler han. 

Til toppen