NEDSABLING: Sogndal sabla ned Viking på Fosshaugane laurdag kveld.
NEDSABLING: Sogndal sabla ned Viking på Fosshaugane laurdag kveld.

Koomson: – Dette er berre byrjinga

Tremålsscorar Gilbert Koomson var svært offensiv etter nedsablinga av Viking, og Kjetil Wæhler skryt uhemma av sine nye lagkameratar. Sjå høgdepunkt her!

Sogndal-Viking: 4-0

– Eg har vel ikkje putta tre før, og dette er berre byrjinga, seier Koomson.

Han var dødeleg effektiv på Fosshaugane laurdag kveld; først sette han kula kontant i mål etter å sprunge seg fri mot vikingkeeper Iven Austbø etter berre 40 sekundar. Så gjekk han roleg mot 16-meteren og vikingforsvaret, venda av ein mann og plasserte ballen utakbart ved stolpen.

– Det andre målet var eg veldig nøgd med. Eg har litt teknikk, så eg brukte den og fekk ballen over på venstre. Det var herleg å sjå den gå inn.

Sjå målet her:

Wæhler: – Eit fantastisk talentfullt lag

Midt uti 2. omgang skaffa Martin Ramsland straffe som Koomson ekspederte sikkert. Prikken over i-en stod Ramsland for sjølv då han putta kveldens fjerde kontant i høgre hjørne for seg sjølv.

Slik var kampen: Ramsland sette punktum med 4-0

Nysignerte Kjetil Wæhler starta og avslutta kampen – han tok straks på seg rolla som forsrvarssjef og gav tydelege beskjedar til spelarane rundt seg kampen gjennom.

Artikkelen held fram under biletet

SOLIDE: Kjetil Wæhler var sjef i Sogndal sitt forsvar, og saman med halvparten så gamle Per-Magnus Steiring utgjorde dei to eit botnsolid midtstopparpar.
SOLIDE: Kjetil Wæhler var sjef i Sogndal sitt forsvar, og saman med halvparten så gamle Per-Magnus Steiring utgjorde dei to eit botnsolid midtstopparpar.

– Det er eit fantastisk talentfullt lag med mykje sterke unggutar. Nokon som snakkar litt er nok kanskje det som trengst.

– På dei få dagane du har vore her; har du trua på at dette er eit lag som held seg i Eliteserien når sesongen er over?

– Som sagt er det eit veldig talentfullt lag. Me ligg langt nede på tabellen no, men eg håpar eg kan bidra med rutine så me kanskje kan få snudd det litt framover.

Bakke: – Wæhler gjer at dei andre får vist kva som bur i dei

Sogndaltrenar Eirik Bakke var sjølvsagt ein svært nøgd mann etter den bortimot komplette kampen.

– Rutinen me får i slike som Wæhler gjer at dei andre får vist kva som bur i seg, som Gilbert og Martin i dag. Det har vore eit lite eventyr å få inn desse to denne veka, så får me tru det held fram.

Artikkelen held fram under biletet

SKADD: Victor Grodås fekk ein smell i kneet midt i 2. omgang og måtte av bana.
SKADD: Victor Grodås fekk ein smell i kneet midt i 2. omgang og måtte av bana.

Victor Grodås hinka av bana knappe halvvegs uti 2. omgang med ein kneskade. Bakke veit ikkje status på Grodås når porten.no snakkar med han.

– Grodås var på føtene i alle fall. Ulrik (Fredriksen, journ. anm.) er tilbake frå og med neste gang og me får Henrik (Furebotn, journ. anm.) i gang att no, så det er bra i ei viktig veke med tre kampar.

Til toppen