KJENT STIL: Gilbert Koomson har i fleire år vore ein garantist for giftige innlegg frå høgrekanten til Sogndal. No blir han brannspelar og kan fort utgjera høgresida saman med tidlegare lagkamerat Taijo Teniste (i bakgrunnen).
KJENT STIL: Gilbert Koomson har i fleire år vore ein garantist for giftige innlegg frå høgrekanten til Sogndal. No blir han brannspelar og kan fort utgjera høgresida saman med tidlegare lagkamerat Taijo Teniste (i bakgrunnen). (Bilde: )

Koomson er klar for Brann

Den finslepne servitøren har spelt sin siste kamp i sogndaltrøya.

Sogndal/Bergen: At overgangen i boks melder både Bergens Tidende og Bergensavisen. Brann er for tida på treningsleir på Gran Canaria. Det er forventa at Koomson sluttar seg til sine nye lagkameratar om kort tid.

DRIBLEFANT: Ein Gilbert Koomson i storform var til tider umogleg å stoppa. No skal han halde fram å terrorisera elitseriebackar i den raude branndrakta. Bilde: Halvor Farsund Storvik 

Der blir det òg eit gjensyn med Taijo Teniste, estlendaren som forlot Sogndal ved sesongslutt i fjor.

Gilbert Koomson har spelt 71 kampar for Sogndal sidan han kom i 2013, skåra 11 mål og stått for imponerande 17 målgjevande pasningar. I 2016 vart han assistkongen i Eliteserien, heile 10 gangar var han nest sist på ballen då Sogndal skåra.

Same vinteren heldt han på å forsvinna til amerikansk fotball og Colorado Springs, men overgangen stranda fordi han ikkje passerte den medisinske testen.

No skal han altså spela for storebror i vest.

Til toppen