REISER IKKJE: Overgangen med Major League Soccer-klubben Colorado Rapids gjekk ikkje i boks og Gilbert Koomson blir verande i Sogndal, i alle fall inntil vidare. Arkivfoto
REISER IKKJE: Overgangen med Major League Soccer-klubben Colorado Rapids gjekk ikkje i boks og Gilbert Koomson blir verande i Sogndal, i alle fall inntil vidare. Arkivfoto

Koomson reiser ikkje til USA

Overgangen gjekk ikkje i boks.

– Det har vore ein fin og god dialog som vart starta i desember. Men til sjuande og sist lukkast me ikkje med å få ein avtale i boks, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo til Sogn Avis.

Skulle få fem millionar

Sogndal skulle få 600 000 dollar pluss bonus for sin ghanesiske stjerne dersom han gjekk til Major League Soccer-klubben Colorado Rapids. Det vil seia rundt fem millionar kroner for Komsoon.

Les også: På veg til USA?

Koomson hadde ein god sesong for Sogndal i 2016, og leverte tre mål og ti målgjevande. Og førebels ser det i alle fall ut til at sogndalsfansen kan sjå fram til nye assistar frå ghanesaren på Fosshaugane også i 2017-sesongen.

Til toppen