KOPLAR UT: Telenor opplyser at breiband, fasttelefon og mobilsambandet vert utkopla natt til torsdag på grunn av arbeid med fibertraseen. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.
KOPLAR UT: Telenor opplyser at breiband, fasttelefon og mobilsambandet vert utkopla natt til torsdag på grunn av arbeid med fibertraseen. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.

Koplar ut breiband og telefon

Telenor skal utføre arbeid på fibertraseen i Lærdal.

Det fører til at heile kommunen er utan mobilsamband, fasttelefon og breiband mellom 23.00 onsdag 18. februar og 07.00 dagen etter. Alt av kommunikasjonssamband mellom Lærdalsøyri og Tyinkrysset er nede i denne perioden.

Odd Øren i Årdalsnett opplyser til Porten.no at deira kundar ikkje skal bli berørt av dette. 

Det var under brannen i Lærdal at Telenor sin infrastruktur vart skadd og ei mellombels løysing vart etablert for å få i gong trafikken så fort som mogleg.

Alle kablane som er kopla til den provisoriske sentralen skal over på den nye permanente sentralen. 

Naudetatane i Lærdal er varsla, og om natta er det oppretta tre kontaktpunkt dersom ei krise skulle oppstå. Desse tre kontaktpunkta er Ljøsne skule, brannstasjonen på Øyri og kommunehuset på Borgund. 

Desse kontaktpunkta er bemanna med hjelpepersonell og er utstyrt med satellittelefonar, skriv Lærdal kommune på sine heimsider.

Statens vegvesen melder at på grunn av utkoplinga vert det innført kolonnekøyring i dei lengste tunellane langs E16. Tunnelane det gjeld er Gudvangatunnelen, Flenjatunnelen og Lærdalstunnelen. 

– Desse tunnelane blir utan kommunikasjon og styrt trafikkavvikling blir difor innført gjennom natta, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Til toppen