KOPLAR UT: Delar av Aurland er utan straum i fem timar på grunn av arbeid i høgspentlinjer. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KOPLAR UT: Delar av Aurland er utan straum i fem timar på grunn av arbeid i høgspentlinjer. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

Koplar ut straumen i Aurland

Det blir straumutkopling i fem timar enkelte stader i Aurland.

Aurland: Både tysdag og onsdag denne veka blir straumen kopla ut på enkelte stader i Aurland. 

Straumen vert kopla ut mellom 09.00 og fem timar framover, opplyser Aurland Energiverk på Aurland kommune si heimeside.

Årsaka til utkoplinga er at det skal trekkast fiber på høgspentlinja, og følgjande trafokretsar vert utkopla: Steine, Steinsbrui, Øyo, Veim og Midje.

– Nettet må heile tida reknast som spenningsførande, åtvarar energiverket.

Til toppen