SKULESTRUKTUR: Å samla alle skuleelevar i Lærdal på Lærdalsøyri skule er eitt av alternativa som er lagt fram om den framtidige skulestrukturen i kommunen. Foto: Ina Eirin Eliassen
SKULESTRUKTUR: Å samla alle skuleelevar i Lærdal på Lærdalsøyri skule er eitt av alternativa som er lagt fram om den framtidige skulestrukturen i kommunen. Foto: Ina Eirin Eliassen

Kor mange skular og kvar skal dei vera?

Det er tid for omkamp om dei tre skulane i Lærdal. 

Det er enno tidleg i prosessen for ny skulestruktur for Lærdal kommune. 

Terje Gregersen, planleggar for konsulentselskapet Norconsult i Bergen, som bistår Lærdal kommune med skulebruksplanen, presenterte torsdag utkastet til dokumentet "Tre skuler eller ein i kvar ende eller ein felles skule", for formannskapet i ​Lærdal. 

Færre elevar

LA FRAM ALTERNATIV: Terje Gregersen, planleggar for konsulentselskapet Norconsult i Bergen. 
LA FRAM ALTERNATIV: Terje Gregersen, planleggar for konsulentselskapet Norconsult i Bergen. 

– Utfordringane til skulene i Lærdal er at det er nedgang i talet på elevar. Det er ikkje ein dramatisk nedgang, men den synkande trenden er tydeleg. Skulene toler fleire elevar og bygningsmessig går dei no for halv maskin, seier Gregersen. 

Han syner til talprognoser frå statistisk sentralbyrå (SSB), som spår 90 færre elevar i Lærdal frå skuleåret 2000/2001 til skuleåret 2029/2030. Sjølv om talet på elevar går ned, går likevel ikkje talet på klassar ned. Men færre elevar betyr mindre statlege kroner. 

La fram tre alternativ

Gregersen presenterte tre alternativ til framtidig skulestruktur. Det første alternativet er å halde på skuletilbodet slik det er i dag, med ein skule på Borgun, ein på Ljøsne og ein på Lærdalsøyri. Alternativ nummer to er ein skule i kvar ende, på Borgund og på Lærdalsøyri, der elevar på Ljøsne blir flytta over til Lærdalsøyri skule. Det tredje alternativet er ein felles skule for heile kommunen på Lærdalsøyri. 

Gregersen syner til at det er størst behov til investeringskostnader på Ljøsne skule, som har eit vedlikehaldsetterslep på kring 37 millionar. 

– Lærdalsøyri skule har plass til fleire elevar og er kanskje den skulen som fortener fleire elevar, seier Gregersen. 

Han forklarar at dei har silt ut alternativet om å flytte elevar frå Borgund skule til Ljøsne, då det ikkje løyser overkapasiteten på Lærdalsøyri skule eller utgjer mykje økonomisk. 

– Er ikkje handsama politisk

Gregersen rakk ikkje å koma gjennom presentasjonen om skulestruktur under formannskapsmøtet, før politikarane var klare med kommentarar og innspel. 

Gro Starheimsæter (Sp) stussar på forslaget om å redusere talet på skular til tre til to, slik at ein får ein stor skule med kring 200 elevar og ein bitteliten skule med kring 15 elevar.

– Er det det me vil om målet er to skuler? Når me først skal sjå på ny skulebruksplan, må me laga ein plan fordi me vil ha ein god skule, seier Starheimsæter. 

IKKJE EIN FASIT: Jan Olav Fretland (Sv) seier dei tre alternativa til skulestruktur er administrative val, som ikkje enno er handsama politisk. 
IKKJE EIN FASIT: Jan Olav Fretland (Sv) seier dei tre alternativa til skulestruktur er administrative val, som ikkje enno er handsama politisk. 

Jan Olav Fretland (Sv) peikar på at kommunestyret har gjort vedtak om at føringar i kommuneplanen som skal koma er retningsgivande for skulebruksplanen. I tillegg legg han til at i arbeidet med økonomiplanen, er det med ei alternativ prognose med ei auke i folketalet, noko som ikkje er med i dokumentet til Gregersen. 

– Det er viktig at framlegget til Gregersen ikkje blir sett som ein fasit. Det er gjort nokre administrative val, utan at det er behandla politisk. Dette er ein teknisk måte å sjå ting på tidleg i prosessen med skulebruksplanen, seier Fretland.  

Ordførar Jan Geir Solheim seier han også er overraska og nedstemt av korleis rapporten om skulebruksplan er lagt fram. 

Solheim minner om at i tillegg til økonomi og handlingsplan, må også samfunnsdelen av kommuneplan i tillegg til omstillingsplan der ein ventar at folketalet skal vekse, vera med når ein går i gang med å lage nye planar for skulestruktur. 

Kommunalsjef for kultur og oppvekst, Torun Liltved, seier det må vera lov å syne fram alternativ. Ho forklarar at grunnen til at kommunen har vald å knytte til seg konsulentar, er at Lærdal er ein av kommunane som har skuler med høgast overkapasitet. 

SPENNANDE FRAMOVER: Ordførar Jan Geir Solheim seier han er overraska og nedstemt av korleis rapporten om skulebruksplan er lagt fram.  
SPENNANDE FRAMOVER: Ordførar Jan Geir Solheim seier han er overraska og nedstemt av korleis rapporten om skulebruksplan er lagt fram.  

Ope for innspel

– No skal me ut i folkemøte. Dokumentet er ikkje eit endeleg produkt enno. Skulebruksplanen skal også opp i kommunestyret. Det blir ein spennande prosess framover og ikkje minst valkamp kjenner eg, seier Solheim. 

Rådmann Alf Olsen jr. seier dokumentet er eit faktagrunnlag og minnar om at ein er i starten av høyringsprosessen, der dei no skal informere, lytte og der folk er invitert til å koma med innspel. 

– Me må vera optimistiske, men må også forhalde oss til realitetane for utviklinga på ein fornuftig måte og ikkje driva vekkelsesmøte ute i bygda. Difor bør også alternative scenario vera med. Når me veit meir om samfunnsdelen i kommuneplan, må me sjå korleis dei skal henge i hop, seier Olsen jr. 

Folkemøte

Denne veka er det folkemøte på dei tre skulene i Lærdal. På kommunehuset i Borgund og i gymsalem på Ljøsne skule måndag, mens det er invitert til ope møte på kulturhuset i Lærdal tysdag. 

Der vil folk få høyra meir om bakgrunn og om planprosessen av Liltved og Gregersen vil gå gjennom utkastet til skulebruksplan for Lærdal. 

Skulebruksplan er ute på høyring til 10. september. Dermed er det ei sak det nye kommunestyret skal avgjere etter haustens kommuneval. 

Til toppen