Årdal: Torsdag kunne Bert Brons ynskje velkommen til festkonsert i Farnes Kyrkje. Eit festkledd publikum fekk høyre vakre tonar, og det var begeistring frå første stund.
Koret hadde satt opp eit program på 90 minutt, etter siste song var det ståande applaus frå ein fullsatt sal.
- Les også: Eit av verdas beste kor kjem til Årdal
Etter konserten kunne Brons fortelje at dette er stort for Årdal og Farnes Kyrkje.
- For meg er dette heilt himmelsk, den vakraste konserten eg har vore på, seier han rørt.
Han rosar både koret, solistane og pianisten. Han trekk også fram klangen i kyrkja, det er veldig god akustikk.
Koret frå Wien
Wiener Staatsopernhor blir vurdert som eit av dei ledande operakor i verda.
Dei fast ansatte sangerane blir engasjert etter omfattande prøvesyngingar, som går over fleire dagar. Det er kun dei beste sangerane frå heile verda som blir tilbudt stilling. No er det sangera frå meir enn 20 ulike land som er medlemmar av koret.
Artikkelen held fram under biletet

Koret står på scena i Wien 300 kveldar i året, med opptil 55 ulike operaer, frå tre ulike århundrer på repertoaret. Blant korets medlemmar er det også nokon som stadig medvirkar i mindre solorollar, ved ulike oppsetningar på Wiener Staatsoper.
Vestlandsturné
Det er første gong koret er i Skandinavia.
- Me ville kombinere musikk og vakker natur, då vart det Vestlandet, seier dirigent Anne Randine Øverby.
På sin Veslandsturné skal koret ha tre festkonsertar, ein i kvart vestlandsfylke. I tillegg til Årdal, vitjar dei Haugesund og Bergen.
- Den første konserten ville me ha med flygel, så då byrja eg å spørje litt rundt, fortel Øverby.
Øverby fekk nyss i at Farnes Kyrkje hadde eit flott flygel, så i februar tok ho turen til Årdal og traff prest Olav Nese.
- Eg fekk då testa ut akustikken og likte det med eingong, seier ho og skryt av det gode samarbeidet med Farnes Kyrkje.
Nøgd med kvelden
Øverby er særs nøgd med første konserten på Vestlandet.
-Det har vore flott å ha konsert i Årdal. Koret var i toppslag, så dette var veldig morosamt.
- Det er også veldig moro med fullsatt kyrkje, og kjekt at både unge og eldre hadde tatt turen i kveld.
Ho legg til at dei er i Haugesund laurdag og avsluttar det heile med galla i Grieg hallen søndag.