BRA TRØKK: På den siste øvinga før konserten i helga var det bra trøkk. Foto: Jan Christian Jerving.
BRA TRØKK: På den siste øvinga før konserten i helga var det bra trøkk. Foto: Jan Christian Jerving.

Koret og Longhorn let seg inspirere av Amerika

– Denne konserten vil vere inspirert av amerikansk musikk. Det blir gospel, musikalste overraskingar, og country fungerer det også.

Lærdal: Songkoret i Lærdal hadde sis siste øving denne veka før dei skal opptre under Lærdalsmarknaden i helga. 

Heilt sidan i vår har koret øvd saman med bandet Longhorn, og på vårens siste øving før sommarferien var det song og musikk så taket nesten løfta seg i kulturhuset.

POPULÆRE: Konsertane med songkoret og Longhorn har vore svært populære, fortel Kari Blåflat.
POPULÆRE: Konsertane med songkoret og Longhorn har vore svært populære, fortel Kari Blåflat.

– Det var ideen til Marita (Vangen Bratteteig journ. anm.) at samarbeidet med Longhorn kom i gang , seier leiar i songkoret Kari Blåflat.

Tidlegare har dei spelt saman på fleire kyrkjekonsertar i Aurland og Lærdal, noko folk tydelegvis har sett stor pris på.

– I  kyrkjene i Aurland og Lærdal har det vore konsertar med fulle hus denne våren. Dette er tydelegvis musikk som folk likar seier Blåflat.

– Under konserten me skal ha under marknaden blir det amerikanskinspirert musikk, litt gospel, og me vil by på nokre musikalske overraskingar. Country er noko nytt for oss, men det funkar bra det òg. 

– «Songen på solsida, her er det godt å gå», som har vore eitt ekstranummer under kyrkjekonsertane våre,  kjem me til å syngja, og her vil me ha med publikum i kulturhuset med  på refrenget. Denne songen er spesiell med tanke på Lærdal med ei sol og ei skuggeside, seier ho vidare.

Artikkelen held fram under biletet.

LÅVEFEST: Sidan dette var den siste øvinga for koret før sommarferien, vart det avslutta med låvefest.
LÅVEFEST: Sidan dette var den siste øvinga for koret før sommarferien, vart det avslutta med låvefest.

Sidan dette var vårens siste øving før sommarferien, høvde det seg bra med ein avslutningsfest. Då var det duka for låvefest på garden til Guro Eri Jakobsen og Roger Nesse.

– Me overtok for tre årsidan, fortel Jakobsen. 

– Då hadde me valget om å riva alt det gamle frå 1925, eller byggja opp att. Heldigvis valte me det siste, så dette er innviingsfesten her i kveld med Lærdal songkor. Me vart ferdige her i mai, seier ho vidare.

Kveldsete varte utover sommarkvelden med årets jordbær, tidlegpoteter og heimelaga flatbød og spekemat ispedd musikalsk underhaldning med visesong. 

Til toppen