«Korleis bli rik når du blir stor?» 

«Korleis bli rik når du blir stor?» 

For nokre veker sidan besøkte Indre Sogn Sparebank, saman med Gunnar Birkevold frå Eika kapitalforvalting, Årdal vidaregåande skule for å halde eit foredrag kalla «korleis bli rik når du blir stor?» 

Denne saka er laga av skuleavisa Innblikk, som Porten.no samarbeidar med om stoff. Besøk skuleavisa her

Årdal: Gunnar Birkevold (Eika) reiser ofte rundt til bankane, der han snakkar til bankledelsa og kundane om sparing, plassering og investering av pengar. Torsdag snakka han til elevane ved den vidaregåande skulen om sparing og pengebruk. Sparebanken spanderte mat og drikke på alle elevane under foredraget.

– Det viktigaste for unge å tenke på er at det finst moglegheiter. Når ein får lønn eller anna inntekt, må ein ikkje tenkje «yes, eg har fått inntekt, no må eg bruke alt.» Tenk at du har ei inntektside og ei utgiftside, så skal du alltid ha igjen litt pengar. Plasser pengane i banken, i aksjar eller andre plassar. Det viktigaste er å lære seg å setje pengar til sides kvar månad.

Birkevold anbefalar alle ungdommar å begynne å spare på BSU (boligsparing for unge) tidligast mogleg. Han seier ungdom kan alt for lite om økonomi, og må lære å spare tidlig.

Laila Hansen, marknadsansvarlig for Indre Sogn Sparebank, seier formålet med besøket var å nå fram til dei yngste kundane, og få fram kor viktig sparing er.

Artikkelen held fram under biletet.

LÆRERIKT: Elevane synest foredraget var lærerikt.
LÆRERIKT: Elevane synest foredraget var lærerikt.

Overbevist 

Christian Borlaug Rasmussen (17) seier det er lurt å spare litt pengar til ein blir eldre. Han oppmodar alle ungdommar til å skaffe seg ein deltidsjobb. Christian seier han sparar for lite sjølv, men prøver så godt han kan. 

– Alle ungdommar burde spare litt til framtidige utgifter. Då har ein pengar når ein blir eldre og kanskje må ta lån. Eg brukar alt for mykje pengar på unødvendige gjenstandar. Det er ikkje så mykje eg sparar, men no skal eg begynne. Foredraget overbeviste meg om at sparing er viktig!

Til toppen