OVERRASKA: Jan Geir Solheim (f.v), ordførar i Lærdal, og Trond Øyen Einemo, varaordførar i Lærdal, svarar på spørsmål om kommuneøkonomien. Montasje og foto: Ina Eirin Eliassen
OVERRASKA: Jan Geir Solheim (f.v), ordførar i Lærdal, og Trond Øyen Einemo, varaordførar i Lærdal, svarar på spørsmål om kommuneøkonomien. Montasje og foto: Ina Eirin Eliassen

MEININGAR

Korleis er det mogleg?

Les kommentaren der ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) og varaordførar Trond Øyen Einemo (H), svarar Arne Sanden. 

  • Endret

Det er reist to spørsmål frå Arne Sanden til ordførar og varaordførar som har vorte kjende for publikum gjennom Sogn Avis.

1. Korleis er det mogleg å kutte tal årsverk med 19 over siste åra, utan at         dette syner att i reduserte lønnsutgifter for kommunen?

2. Kvifor aukar gjennomsnittleg utgift pr. årsverk med heile 15,5% frå 2012 til 2014?

Spørsmåla heng saman og må diskuterast i samband med kvarandre. Sanden sine spørsmål og underliggande utrekningar baserer seg på føresetnader som ikkje er til stades i ein kommune. Det er ikkje ein automatisk samanheng mellom lønskostnader og årsverk. Det er fleire årsaker til dette:

  • Alderssamansetting endrar seg over tid. Gjennomsnittsalderen på heile arbeidsstokken aukar, og dermed aukar også årsverkkostnadene.
  • Sjukefråvære er ikkje ein planlagt ting og krev smidige og til dels kostbare løysingar.
  • Mange postar i lønsrekneskapen er ikkje knytt til årsverk, til dømes:
    • Overtid (går til allereie tilsette medarbeidarar).
    • ”Barnevernstiltak utanfor familien” varierer sterkt over tid. Løn til fosterfamiliane vert ført som løn i rekneskapen, men mottakarane vert ikkje med på kommunen si liste over tilsette. Beløpa varierer mykje får år til år.
    • Vaktgodtgjersle og utrykking (i arbeidet med brannen gjekk desse utbetalingane til allereie tilsette personar både i Lærdal og andre kommunar).

Samstundes viser Sanden sine eigne tal at lønnsveksten i Lærdal kommune er 6,65% over tre år, medan gjennomsnittsveksten i norske kommunar i følgje SSB sine tal er 6,22%. Dette er eit avvik på 0,4%. Forklaringa på dette ligg mest truleg i ein eldre og betre betalt arbeidsstokk i Lærdal enn i gjennomsnittskommunen.

Svaret på dei to spørsmåla er difor:

  • Det er mange faktorar som ikkje tillèt at ein brukar gjennomsnittstal for årsverkskostnader
  • Det er mange lønskostnader som vert førte i rekneskapen utan at dei er knytte til registrerte årsverk, dvs. den faste arbeidsstokken i kommunen.

Eit meir interessant spørsmål å stille er kva kostar årsverka for Lærdal kommune, kva er nettokostnaden for kommunen?

Spørsmåla viser manglande kunnskap om korleis den kommunale organisasjonen og økonomien fungerer.

Då er det slik at ei rekke tenester har si eiga finansiering. Eitt døme er innafor vatn og avløp der kostnadene vert dekka av gebyr betalte av innbyggarane.

Eit anna døme er tenester som vert utførte for andre kommunar, til dømes felles landbrukskontor for Årdal, Lærdal og Aurland med vel tre årsverk. Dei som arbeider der er tilsette i Lærdal kommune, alle kostnader vert førte i Lærdal kommune sin rekneskap, men kommunen sin andel av dette er 56%. Tilsvarande gjeld for dei vel ni årsverka ved Sogn Lokalmedisinske senter, men med ein anna fordelingsnykkel.

Eit tredje døme er tiltak for ressurskrevjande brukarar. Her er reglane slik at kommunen skal betale ein eigendel på 1 mill. kroner og 20% av lønnskostnadene ut over dette. Staten betalar resten. Om eit slikt tiltak har ein samla kostnad på 6 mill., skal kommunen dekke 1 mill. og 20% av resten. Det vert til saman to mill., medan 6 mill. kjem fram som samla kostnad.

Slik kunne me halde fram med fleire døme. Spørsmåla viser manglande kunnskap om korleis den kommunale organisasjonen og økonomien fungerer. Det er overraskande at dei kjem frå ein tidlegare ordførar.

Til toppen