LOKALMAT: Lefsebakst med publikum. Lokalprodusert mat er generelt lite synleg hos reiselivsaktørar og i butikkar i distrikta, går det fram av rapport. Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix / NPK
LOKALMAT: Lefsebakst med publikum. Lokalprodusert mat er generelt lite synleg hos reiselivsaktørar og i butikkar i distrikta, går det fram av rapport. Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix / NPK

Korleis skal kortreist mat bli lokal ressurs?

– Levande mattradisjonar må løftast fram og få ny verdi og meining. Slik kan lokalmat gi både lokalbefolkninga og tilreisande autentiske lokale og regionale matopplevingar.

Sogn: Det meiner forskarane Dag Jørund Lønning og Johan Barstad ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Saman har dei skrive rapporten «Lokal mat for lokal utvikling».

Kortreist lokalmat

Noreg har mykje å lære frå matregionar ute i Europa, der det er ei tydeleg forankring i levande lokal kunnskap og matpraksis. Dette gjer det interessant for turistar å besøkje ein slik region.

– Vi har mista grepet om lokal mat. No vert han gjerne definert som «norsk lokalmat». Skal lokal mat blir ressurs for lokal og regional utvikling i Noreg, må vi definere lokalmat som mat som er produsert i nærområdet. Dette er eit tydeleg funn i arbeidet vårt og ein nøkkel til at mat skal bli ein attraksjon i reiselivet. Vi må finne potensial som gjer at lokalmat blir synleg og set preg på regionen den høyrer heime i, seier prosjektleiar og professor Dag Jørund Lønning til Nynorsk pressekontor.

IKKJE FOR LOKALE: «Lokalmat» er ikkje for dei lokale, men for forbrukarar som kan og vil betala meir, går det fram av rapporten «Lokal mat for lokal utvikling». Her er produkt frå Bondens butikk i Oslo.
IKKJE FOR LOKALE: «Lokalmat» er ikkje for dei lokale, men for forbrukarar som kan og vil betala meir, går det fram av rapporten «Lokal mat for lokal utvikling». Her er produkt frå Bondens butikk i Oslo.

– Lokal mat er identitetsmat vi er stolte av, mat som fortel om eit lokalt og regionalt «oss». Vi må få meir fokus på at maten er kortreist og på produsentane. Når lokal mat blir redusert til eit reint marknadsprodukt, går mykje av det lokale verdipotensialet tapt, seier Lønning.

Stort mangfald

Noreg manglar slett ikkje mangfald når det gjeld lokalprodusert mat, men likevel er lokal gardsmat og sjømat lite synleg hos reiselivsaktørar og i butikkar i distrikta. Lønning og Barstad har sett nærare på forholdet mellom lokal mat og lokal verdiskaping. Rapporten er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, men er relevant for heile landet.

Utfordringar

Forskarane frå HLB har i arbeidet sitt funne fleire utfordringar:

Lokalmiljøet er kopla frå «lokalmaten». «Lokalmat» er ikkje for dei lokale, men for forbrukarar som kan og vil betala meir. Marknaden har blitt nasjonal, og dei største vinnarane er delikatessediskane i byane. Taparane er bygda og distriktet der produkta ofte har sitt opphav.

Bransjeavtalar i reiselivet kan vere marknadshindringar for lokal mat. Slike avtalar gir enkeltbedrifta lite handlingsrom når det gjeld å ta inn varer frå andre enn den kjeda ein har avtale med. Resultatet er manglande utvikling av lokalt særpreg. Til samanlikning har matturismelandet Italia eit krav innan regional «agroturisme» at minst 80 prosent av råvarer og oppskrifter må kome frå eigen region.

VANSKELEG: Det kan vere vanskeleg for lokalbefolkning og turistar å få tak i lokalprodusert frukt og grønsaker der dei er. Illustrasjons
VANSKELEG: Det kan vere vanskeleg for lokalbefolkning og turistar å få tak i lokalprodusert frukt og grønsaker der dei er. Illustrasjons

Det lokal- og regionalpolitiske handlingsrommet er lite, spesielt i landbrukspolitikken fordi den er sentralstyrt og standardisert. Det å fremje spesielle lokale og regionale fortrinn kan derfor vere krevjande når ein har lite makt.

Både bransjeavtalesystemet i reiselivet og det lokale og regionale handlingsrommet i landbrukspolitikken må løftast fram og drøftast, både ope og breitt, meiner dei to HLB-forskarane.

– Målsetjinga med ei slik drøfting må vera auka lokal og regional verdiskaping, seier professor Dag Jørund Lønning. (©NPK)

Til toppen