TØFFE TIDER: Fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Arne-Martin Kjærland.
TØFFE TIDER: Fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Arne-Martin Kjærland. (Foto: Hydro / Marius Motrøen )

Koronakrisa har fatale konsekvensar for Hydro: – Fall i produksjon på 30 prosent

– Sidan mars har vi hatt eit fall i produksjonen på rundt 30 prosent, sier fabrikksjef ved Hydro Aluminium i Høyanger, Arne-Martin Kjærland, til VG.

Høyanger: Rundt ein tredel av metallet Hydro Høyanger produserer vert brukt til europeisk bilproduksjon. Ein like stor del vert brukt i bygge- og anleggsindustrien, og no har koronapandemien ført til ein kraftig reduksjon i etterspørselen frå begge bransjane.

Fabrikksjefen ved Hydro Høyanger skildrar situasjonen som krevande.

– No kan vi ikkje sjå lenger enn ei veke eller to fram i tid. Det er eit uhyre kort tidsvindauge, seier Kjærland til VG.

Tysk bilindustri så godt som død

Fabrikksjefen fortel at tysk bilindustri er så godt som død. I april sank nybilsalet i EU med 76,3 prosent og i Tyskland var fallet på 61,1 prosent. Det har ført til at aluminiumsverket har måtte lagt om produksjonen. 

Kjærland fortel at dei no har gått over til å produsere rein aluminium, som i hovudsak vert eksportert til støyperi i Europa. Han legg til at dette er produkt dei får mykje dårlegare betalt for, men at det handlar om å holde kontantstraumen i gang og unngå oppbygging av lager. 

I tillegg til Høyanger har Norsk Hydro aluminiumsproduksjon i Årdal. 

Informasjonssjef i Norsk Hydro, Erik Brynhildsbakken, fortel at Hydro så langt har unngått permitteringar under koronakrisa. Det har dei gjort ved å vri produksjonen over fra spesial- til standardprodukter, samt utnytta fleksibiliteten i verdikjeda og muligheitane som har dukka opp i markedet. 

Til toppen