Ortnevik: – Plutseleg vart alt vi har jobba for mellombels vekke. Det er det som er så kjedeleg i denne situasjonen. Eg trur det kjem til å ta ei stund før marknaden er tilbake for fullt, men håpar den kjem tilbake delvis snart. Men at det vert full fart den første månaden, trur eg ikkje skjer, seier dagleg leiar i Sogn Aqua AS, Jan Arne Brekke.

Koronakrisa tok mellombels vekk heile marknaden deira – no jobbar dei med å omstille seg
Alt Sogn Aqua har jobba for forsvann mellombels med koronaviruset, men verksemda er i gang med å snu seg rundt og nå nye marknader. Planlagde investeringar kan bli utsette, men det er framleis ikkje nokon dramatikk, ifølgje dagleg leiar.