Gulen: Onsdag denne veka kom nyheita om at ein ny innbyggar i Gulen har testa positivt for korona.
Tilfellet førte til at heile Austrheim VGS vart sendt heim, tjue personar i Gulen vart sendt i karantene. Første og andre klasse på Eivindvik skule var blant dei som vart sett i karantene.
Elevane skal sitte i karantene i ti dagar.
Ein ny positiv prøve
Fredag kveld oppdaterer kommunen statusen.
– Ein er smitta og 21 er i karantene i Gulen, skriv dei på sine sider.
Kommunen skriv vidare at det vart fått tilbake ein positiv prøve på ein test gjort i kommunen.
Personen er heimehøyrande i ein anna kommune.