Brekke: – Eg har laga ein litt liknande plakatserie før, kalla «Kings and Queens og Bygdepatriotar» med lokale «kjendisar». No for tida er det litt avgrensa kva ein kan gjere av fotografering, så eg tenkte at eg må gjere noko. Det var slik ideen starta, fortel Gøril Sætre, som er fotograf med base i Brekke.

Koronasituasjonen vart til nytt kreativt prosjekt med plakatserien «ArtCovid»
Fotograf Gøril Sætre trong noko å gjere på når arbeidssituasjonen hennar endra seg med koronaviruset. I «ArtCovid» syner ho kvardagsheltar og speler også på ironi over situasjonen vi er i.