INGEN SMITTA: Sjølv om ingen er koronasjuke, må folk framleis vera forsiktige, seier kommuneoverlege Frode Myklebust.
INGEN SMITTA: Sjølv om ingen er koronasjuke, må folk framleis vera forsiktige, seier kommuneoverlege Frode Myklebust. (Foto: Arkiv)

Koronasmitta i Årdal er friskmeld

Men det er enno for tidleg å slappa av, opplyser kommuneoverlegen.

Årdal: Den eine personen i Årdal som var smitta av koronaviruset er no friskmeld, og ute av isolasjon, melder Årdal kommune på eigne nettsider fredag.

Samstundes oppmodar kommuneoverlege Frode Myklebust folk om å framleis vera påpasselege framover, etter kvart som restriksjonane blir letta på.

–  Styresmaktene har no gitt kvar enkelt av oss eit større ansvar for situasjonen.
Difor er det viktigare enn nokosinne at me følgjer råd som me har fått, og vil få, skriv han.

Til dømes skal fritidsreiser framleis avgrensast mest muleg. Ferie eller handleturar er det for tidleg å snakka om enno. Det er framleis viktig å unngå stader der mange menneske er samla, skriv Myklebust, som óg oppmodar alle til å lasta ned smitteappen til Folkehelseinstituttet.

– Skal me klara å unngå nye inngripande tiltak, må me alle bidra. Me må óg bidra til at smitte vert oppdaga lettare og smitteoppsporing blir enklare. Då er det ikkje nok med testing. Vi må finna nærkontaktane, skriv han.

 

Til toppen