OMKOM: Ein eldre mann frå Askvoll døydde torsdag etter å ha fått intensiv behandling på koronakohorten til sentralsjukehuset i Førde.
OMKOM: Ein eldre mann frå Askvoll døydde torsdag etter å ha fått intensiv behandling på koronakohorten til sentralsjukehuset i Førde. (Foto: Helse Førde/Arkiv)

Koronasmitta pasient døydde i Førde

Var innlagt på koronakohorten på Førde sentralsjukehus.

Førde: Ein eldre mann frå Askvoll som var smitta av koronaviruset døydde torsdag på sentralsjukehuset i Førde. 

I ei pressemelding fredag skriv Helse Førde at dette er det første dødsfallet ved helseføretaket som følgje av viruset.

Pasienten vart innlagt ved sentralsjukehuset 29. september, og fekk intensiv behandling ved koronakohorten.

Askvoll kommune stadfester fredag at den omkomne testa positivt tidlegare i veka. Den eldre mannen hadde underliggande sjukdomar.

– Det er veldig trist og våre tankar er med familie og pårørande. Kommunen følgjer opp dei etterlatne etter deira behov og våre rutinar, skriv dei på eigne heimesider.

Til toppen