Årdal: Ein person som oppheld seg i Årdal har testa positiv for koronavirus. Det skriv kommunen sjølv på sine heimesider.
Vedkommande sit i isjoalsjon, og får oppfølging frå kommunen. Personen er frå utlandet.
Den var på veg til arbeid for ei lokal verksemd i kommunen.
Kommunen skriv at den smitta har vore isolert i ein bustad sidan ankomsten.
– Førebels under kontroll
– Kommunen har gjennomført smittesporing og nærkontaktar er kartlagt og sett i karantene, skriv dei på heimesida.
Dei reknar ikkje med at det er fare for smittespreiing i lokalsamfunnet.
– Situasjonen er førebels under kontroll, skriv dei.
Porten kjem tilbake med meir.