FALSK ALARM: Meldinga om koronasmitte i Hyllestad var feil. Det viser ein ny test.
FALSK ALARM: Meldinga om koronasmitte i Hyllestad var feil. Det viser ein ny test. (Foto: Havyard )

Koronasmitte i Hyllestad var falsk

Ein ny test av den koronasmitta arbeideren i på New Haryard i Hyllestad viser at testen var falsk.

Den utanlandske arbeidaren testa først postitivt på Flesland 19. august. 

Arbeidstakaren blei satt i issolasjon. I tillegg vart femti tilsette hjå New Havyard sett i karantene. 

No er derimot arbeidstakaren testa på nytt. Resultatet kom tilbake negativt.

Sit framleis i isolasjon

Dermed var koronatesten ein falsk positiv. 

Både isolasjon og karentene blir likevel oppretthaldt vidare. 

Dette er i tråd med retningslinjene til Folkehelseinstituttet.  

Til toppen