Koronasmitte i Sogndal
(Foto: Arkiv)

Koronasmitte i Sogndal

Ein person har testa positivt for korona i Sogndal. Personen skal ha blitt smitta utanfor kommunen.

Sogndal: Ein vaksen person i Sogndal har onsdag fått påvist korona og er i isolasjon. Tre nærkontaktar er i karantene og er allereie testa. 

Det skriv kommunen på sine eigne nettsider. 

Personen er smitta utanfor kommunegrensa, og kommunen skriv at dei har kontroll på smittesporinga. 

Dei oppmodar framleis alle om å følgje reglane for avstand og handhygiene, samt å halda seg heime ved symptom på luftvegssjukdom.

Til toppen