Petter Sortland (Ap)
Petter Sortland (Ap) (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Koronatilfelle i Høyanger: – Det var ikkje direkte overaskande

Høyanger kommune stadfestar eit nytt tilfelle av koronavirus i kommunen.

Høyanger: Ein person er stadfesta smitta i Høyanger. Den smitta er tilsett på Havyard i Hyllestad.

– Det er ein person som har fått påvist smitte. Personen er busett i Lavik, opplyser han. 

Det var avisa Firda som omalte saka først.  Høyanger har fleire innbyggarar som pendlar til Hyllestad.

– Spesielt i Lavik er det folk som reiser dit til jobb. Dette er ikkje direkte overaskande, seier Sortland. 

Fråråda reiser til Hyllestad.

Sortland fortel at den smitta er satt i isolasjon, og familien i karantene. 

– Me testar også nokre andre nærkontaktar, men eg kjenner ikkje omfanget enno, seier Sortland.

Smitteutbrotet på Havyard sit verft i Hyllestad har ført til 36 smittetilfelle i kommunen.

Høyanger er ein av kommunane som har fråråda innbyggarane sine å reise til Hyllestad medan utbrotet pågår. 

Porten.no kjem tilbake med meir.

Til toppen