FIRE SAKER: Desse sakene om koronatilskot, vindkraft, tunnel og sjølvproduserte produkt er dei mest leste den siste veka.
FIRE SAKER: Desse sakene om koronatilskot, vindkraft, tunnel og sjølvproduserte produkt er dei mest leste den siste veka. (Foto: Arkiv)

Koronatilskot, nye produkt og vindkraft. Har du fått med deg desse sakene?

Porten.no har samla dei fire mest leste sakene den siste veka.

Ytre Sogn: Med denne oversikta kan du vere heilt sikker på at du held deg oppdatert på dei viktigaste nyheitene frå regionen den siste tida. 

Deler ut nesten ein million i koronatilskot
I den tredje krisepakka fekk Høyanger kommune i august tildelt ein million kroner frå Vestland fylkeskommune. Høyanger Næringsutvikling har gitt ti ulike prosjekt ekstraordinære koronatilskot. Tanken bak løyvingane er å motverka dei negative effektane frå koronapandemien.

– Denne ordninga er både effektivt og konkret innretta. Det er berre godt definerte prosjekt som får tilskot, så her vil vi sjå handfaste resultat innan kort tid, seier næringskonsulent  i Høyanger næringsutvikling, Birgitta Hagen Kyrkjebø. 

Nokre av verksemdene som får støtte er Sogn Hotel, Peak Property og Høyanger Treningssenter.

Les heile saka her

James og Kristine har starta sal av eigenprodusert olje og urtekrydder

Kritthuset kafé og catering, på Hosteland i Masfjorden har denne veka utvida sortimentet med sjølvprodusert olje og krydder. Prosessen har teke eit par månedar, og no gler kundane seg til å prøve dei rykande ferske produkta. 

– Vi hadde lyst å ta inn urtesalt, olje og sånt. Så kom eg på det at vi kan jo prøve å lage det sjølv. Resultatet blei jo kjempebra, så då valgte me å gå ut med det, seier dagleg leiar på kafeen, Kristine Brekke Brosvik.

Les heile saka her.  

Fryktar langvarig kamp mot vindkraftutbygging

Einar Rysjedal i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn meiner det ikkje er grunn til å tru at vindkraftprosjekt vert lagde på is med nytt konsesjonssystem.

– Vindkraftselskapa møter sterk folkeleg motstand no og har vore ute og sagt at det truleg ikkje vil bli gjeve nye løyve til vindkraftutbygging på mange år. Dette verkar på meg som ein måte å avvæpne motstanden på og få folk til å senke skuldrane, seier Einar Rysjedal, nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn.

Ordførar Høyanger, Petter Sorltand (Ap) er derimot meir optimistisk. Han håpar og trur kommunane kan få meir å seie i saka.

Les heile saka her

Stad skipstunnel – eit klårt løftebrot frå Høgre og FrP

Liv Signe Navarsete og Jenny Klinge (SP) er frustrerte over den forsinka oppstarten av Stad skipstunnel. Prosjektet er meint å gjera båttrafikken langs kysten tryggare, samt tene både næringsliv og folk flest i heile Vestland.

– Statsbudsjettet for 2021 vart ein nedtur for alle oss som har arbeidd i mange år med å få den livsviktige tunnelen realisert, skriv dei. 

Les heile saka her.

Til toppen