DIGITALISERER: Øystein Eriksen Søreide i Abelia og Grete Karin Berg i NHO
DIGITALISERER: Øystein Eriksen Søreide i Abelia og Grete Karin Berg i NHO

MEININGAR

«Koronaviruset kan vere nøkkelen for å ta heile landet i bruk»

«Fråflytting og bedrifter som døyr har i fleire tiår fått herje altfor store delar av landet, utan at ein har klart å knekke koden. Så kom koronavåren. Covid-19 kan vere nøkkelen til å gå frå å tru på heile Norge til å ta heile landet i bruk», skriv Øystein Eriksen Søreide og Grete Karin Berg.

MEININGAR: I mange tiår har fråflytting og diskusjon kring distriktsutfordringar prega norsk politikk.

Det har vore ein gjennomgåande trend uavhengig av kva for regjering som har sete med makta, at fleire og fleire har flytta til, eller rundt dei større byane. Busetnadsmønsteret har hengt saman med arbeidsmarknaden, og mange lokalsamfunn haldast oppe av ein som oftast fåfengt draum om at statlege arbeidsplassar skal etablerast i akkurat deira bygd eller deira region.  

 Ingen parti eller regjering har klart å snu dette mønsteret, men så kom koronavåren.   

Ny og unik sjanse

Over natta blei store delar av det norske folk avhengig av tekniske løysningar som allereie eksisterte, men som få visste å utnytta i stor nok grad. Plutseleg har kombinasjonen av teknologi og koronakrisa gitt distrikta bokstavleg tala ein ny vår, og med den ein ny og heilt unik sjanse. 

Saman har vi nemleg erfart at dagens teknologi og meir fleksible arbeidsgjevarar, og arbeidstakarar i kombinasjon absolutt kan vere med på å sikre busetnad i heile landet.  

I dag finns det gode teknologiske løysingar som gjer at arbeidsgjevarar ikkje lengre er like opptekne av at dei tilsette skal ha fysisk nærleik til kontoret kvar dag. Mange jobbar kan i hovudsak løysast med ei datamaskin og god nettilgang, og dette kan i stor grad gjerast mange mil unna kontoret eller arbeidsgjevaren sin fysiske lokasjon. 

Bur i Årdal, mor i Sogndal og far på Voss 

 Kva vil det ha å seie for framtida? Jo, ein tenkt familie kan for eksempel bu i Årdal, medan mor sin jobb er i Sogndal og far sin jobb er på Voss. Tidlegare ville dette budd på store utfordringar og hadde ført med seg betydeleg større grad av pendling og logistikk.

Teknologien gjer i dag at det ikkje er nokon grunn til at verksemder i ei rekkje bransjar kan etablerast, eksistere eller ha filialar også på mindre stader i vårt langstrakte land, eller at dei tilsette kan sitte meir spreidd. Det har faktisk vist seg at vi får gjort meir under koronakrisa. 

Produktiviteten opp på heimekontor

Ein ny studie frå professor Michale Parke ved Wharton syner nemleg at produktiviteten har gått opp medan heimekontor har blitt den nye normalen for store delar av befolkninga i regionen.

Dette viser at det er fullt mogleg med ein levande og digital privat sektor også der det dei siste åra har vore prega av fråflytting.   

Derfor har vi for eksempel tatt til orde for ein kraftigare og raskare utbygging av breibandnettet i heile landet. Godt nett er nemleg heilt avgjerande for at vi kan ta heile landet i bruk.  

Difor digitaliserer vi

Medan politikarane krigar seg imellom med slagord som "Vi trur på Norge" eller "Vi trur på heile Norge", bygger viktige aktørar ut både breibands- og mobilkapasiteten i heile landet.   

Det er ein slik utbygging som praktisk gir moglegheitene på nettopp ei slik tru. 

Vi trur sjølvsagt også på dette landet og skaparkrafta her. Derfor seier vi som eit av dei andre partia, "alle skal med". Det er også derfor vi digitaliserer Norge!     

Til toppen