INKLUDERANDE: Årdalstangen Musikklag ønskjer å integrere nye innbyggjarar i Årdal med musikk. Foto: Wenche Hals Kulset.
INKLUDERANDE: Årdalstangen Musikklag ønskjer å integrere nye innbyggjarar i Årdal med musikk. Foto: Wenche Hals Kulset.

Korps for alle på Årdalstangen

Eit møte mellom ulike kulturar skal resultere i ei heilt spesiell 17. mai-feiring på Årdalstangen neste år.

I helga hadde Årdalstangen Musikklag besøk av fem sør-afrikanske musikkinstruktørar til eit seminar som skal til slutt skal resultere i eit litt anna 17. mai-arrangement neste år.

Musikklaget er ein del av eit pilotprosjekt som går på integrering generelt, og slik leiar Wenche Hals Kulset skildrar det, var det ei heftig spelehelg, som blei avslutta med ein «hentekonsert» på Klingenberg søndag.

– Årdalstangen Musikklag ønskjer å vera eit korps med låg terskel for å vera med. Slik har me dreve i alle år. Me strebar ikkje etter å hevde oss i konkurransar og ønskjer å vera eit inkluderande korps, seier ho til Porten.no.

Dei fem instruktørane er aktive i Field Band Foundation i heimlandet sitt og har eit års opphald på Toneheim folkehøgskule på Hamar.

Dei siste åra har det kome mange til Årdal med ein annan kulturell bakgrunn, som gjer at dei ikkje kjenner til korpstradisjonen.

Vil inkludere alle

Difor har musikklaget lenge spekulert i kva dei kan gjera for å få til dette, fortel Kulset.

– Og så kom asylmottaket, og då sendte me nokon følarar inn til Norsk Musikkorps Forbund (NMF) for å leita etter nokon som kunne gi oss råd.

Artikkelen held fram under biletet.

RYTMAR: Dei sør-afrikanske instruktørane bragte nye rytmar og lydar inn i korpset.
RYTMAR: Dei sør-afrikanske instruktørane bragte nye rytmar og lydar inn i korpset.

– Etter ei stund kom tilbake med eit tilbod før jul i fjor om at me kunne vera ein pilot i dette programmet. Me har lenge tenkt på korleis me kan inkludera ulike grupperingar i samfunnet, og det gjeld ikkje berre kultur, men eigentleg generelt sosial inkludering. 

– Me veit at musikk gir folk mykje, legg ho til.

Programmet har fått namnet PULSE. Der skal norske og sør-afrikanske instruktørar visa korleis musikk kan bidra til god helse og auka livskvalitet.

Spelte utan notar

Difor var det ei herleg møte mellom ulike rytmar og lydar i helga, der dei sør-afrikanske instruktørane, som er ein del av eit utvekslingsprogram blant anna fekk korpset til å spela utan notar.

Artikkelen held fram under biletet.

UTAN NOTAR: Korpset gjorde noko dei aldri hadde gjort før då dei spelte utan notar.
UTAN NOTAR: Korpset gjorde noko dei aldri hadde gjort før då dei spelte utan notar.

– Og det var ein ganske stor overgang å spela etter berre øyra. Det har me aldri gjort før. Me satte i gong med optimisme før me blei møtt med frustrasjon, men etter kvart gjekk det seg til. Dei unge tok det som vanleg på strak arm, seier Kulset.

Kulturrikt

Nøyaktig kva resultatet blir, kan ho ikkje svara på, men leiaren håpar på eit annleis og kulturrikt arrangement.

– Desse instruktørane må berre prøva å få til det som er mogleg å få til med oss. Og det er ikkje berre korpset, men også skulen, og me avventar no om me skal invitere med andre grupper.

– Tanken er å få til noko av det dei har tradisjonar for i Sør-Afrika, der ein inkluderer rytmar, dans og småperkusjon. 

Framsyning på 17. mai

Og alt dette skal framførast på 17. mai neste år.

– Det er målet. Det er der det skal presenterast, i toget og på festarrangementet på skulen på Årdalstangen. 

– Me håpar me skal få til noko liv og leven i 17. mai-toget med litt gateparade-preg og eit litt meir regissert innslag med formasjonsshow. Nivået og omganget veit me ingenting om enno, men det kan bli riktig så morsomt oppe på Cuba denne dagen.

Til toppen