JUBILEUM: I år er det 70 år sidan Årdalstangen Musikklag vart starta. Ei rik historie skal markerast med jubileumskonsert og fest, fortel leiar Wenche Hals Kulset. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
JUBILEUM: I år er det 70 år sidan Årdalstangen Musikklag vart starta. Ei rik historie skal markerast med jubileumskonsert og fest, fortel leiar Wenche Hals Kulset. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Korpset fyller 70 år – no inviterer ho til fest

Når 70 år skal markerast på laurdag, er det som korps Årdalstangen Musikklag vil syne seg fram.

Årdalstangen: Etter eit møte i juni 1946 vart Fagforeningens Musikklag på Årdalstangen stifta 27. januar 1947. Den gongen vart det kjøpt inn åtte instrument som vart levert ut til musikantar på våren.

Nesten på dagen 70 år etter held korpset framleis stand. Laurdag inviterer dei til jubileumsfest i kinosalen på Årdalstangen.

– Eg håpar og trur det blir ein bra konsert, der det blir ein konsert med «berre» korpset. Når me skulle markere jubileumet, fann me ut at me ville gjere det som korps, seier leiar Wenche Hals Kulset. 

Det betyr ikkje at det blir ein vanleg korpskonsert av den grunn. Er det fest, så er det fest, og då må ein dra på litt ekstra med alt frå musikalmelodiar til marsjar og klassiske stykke. 

Artikkelen held fram under biletet.

STILLER UT: Den rike historia til Årdalstangen Musikklag kan ein studere nærare i butikkvindauga ved bussplassen i sentrum av Årdalstangen.
STILLER UT: Den rike historia til Årdalstangen Musikklag kan ein studere nærare i butikkvindauga ved bussplassen i sentrum av Årdalstangen.

– På enkelte område strekk me oss ganske langt, iallfall tett opp mot komfortsona, smiler Kulset. 

Endra namn og var med på «Janitsjarhalvtimen»

Årdalstangen Musikklag har ei rik historie. I starten var medlemstalet aldri over 20, men på 60-talet deltok dei på mange stemne i Sogn musikkrins. Det verkeleg store tiåret var 70-talet. Då skifta korpset namn til Årdalstangen Ungdomskorps og tok opp eit lån på 150.000 kroner til nytt utstyr, som styremedlemmane personleg kausjonerte for.

I 1977 var NRK og «Janitsjarhalvtimen» på besøk i Årdal og mot slutten av tiåret spelte dei på kaien då kronprisnparet besøkte kommunen. Då var medlemstalet oppe i over 40.

Men på 80-talet dala interessa, og i 1991 vart korpset nedlagt. Etter tre år utan korps kom dei i gang att i 1994. Eit tett samarbeid med musikklaget i Lærdal kom på plass, og dei spelte mellom anna på opninga av Lærdalstunnelen. 

Tok over dirigentpinnen

I fjor gav Oddgeir Øren dirigentpinnen vidare til Ben Hirons, som med ei solid bakgrunn frå korpsverda gjer sitt for å rekruttere nye unge musikantar til musikklaget.

Artikkelen held fram under biletet.

GAV SEG: Rundt påsketider i fjor sendte Oddgeir Øren dirigentpinnen vidare til Ben Hirons.
GAV SEG: Rundt påsketider i fjor sendte Oddgeir Øren dirigentpinnen vidare til Ben Hirons.

– Oddgeir har alltid vore god til å utnytte ressursar og kompetanse, men han er heller ikkje redd for å trå til side når han ser det er noko å hente. Han gav Ben ansvar ganske tidleg, og etter kvart bad Oddgeir om avløysing. Det heile vart markert med ei symbolsk overlevering på ein kyrkjekonsert før sommaren i fjor, fortel Kulset.

Hirons vart sist helg kåra til noregsmeister i brass for andre gong med Eikanger-Bjørsvik Musikklag, så det er ein dyktig mann som no leiar korpset inn i framtida.

– Me blir drilla meir i basisteknikkar no. Dette er jo ting som musikantar som er mykje flinkare enn oss brukar mange timar på, men som me har slitt med å gjere morsomt. Som Oddgeir sa sjølv, er det vanskeleg å koma med nye idear når ein er blitt så integrert i korpset som han har vore. 

Spelte med Karl Seglem

Gjennom 70 år er høgdepunkta mange. Kulset har høyrt mange historiar om korpsturen til England og var sjølv med til Tyskland for nokre år tilbake, men det verkeleg store i nyare tid er nok konserten dei hadde saman med Karl Seglem.

– For då strakk me oss langt utanfor det me er vande til, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

NORGESMEISTER: Ben Hirons leiar no korpset som dirigent. Sist helg vart han noregsmeister for andre gong.
NORGESMEISTER: Ben Hirons leiar no korpset som dirigent. Sist helg vart han noregsmeister for andre gong.

Elles må ho trekka fram noko som ikkje har med musikk å gjere. 

– I samband med årskonserten går me inn i den fjerde perioden med sponsorprogrammet vårt. At me får så god støtte av det lokale næringslivet, tykkjer me er heilt utruleg. Det er faktisk ganske unikt, og eg har reist rundt for å halde foredrag om kva me har fått til her, fortel Kulset.

Ein samlande faktor i lokalsamfunnet

At korpset fyller 70 år er neppe ein tilfeldigheit. Kjapp hovudrekning viser at korpset vart starta to år etter krigen. Det ofte slik at korps og musikk spelar ei samlande rolle i mange samfunn.

– Slike organisasjonar innanfor det kulturelle området fungerer som lim, men kanskje spesielt i eit lokalsamfunn. Eg meiner me har ei viktig rolle, og det ser ein opp gjennom åra at korpset set litt ekstra farge på ein del arrangement. Det er lett å trekkje fram 17. mai, men me deltek på mykje anna også.

– I tillegg driv me med eit breiddetilbod. Alle som vil, skal få spele, og me løftar i flokk. Det er vår filosofi. Me har fleire gonger diskutert om me skal konkurrere, men har bestemt at det vil me ikkje. Det betyr ikkje at me ikkje ønskjer å bli betre, men for oss er det det sosiale, meistring og å gi opplevingar til andre som skal drive oss.

Til toppen