Korpsidyll i Ofredalen

Korpsidyll i Ofredalen

Musikklaga frå Årdal, Lærdal og Flåm samla seg for å halde konsert i Ofredalen.

Konsert: Laurdag var musikklaga frå Årdal, Lærdal og Flåm samla for å halde konsert i Ofredalen.

Det vart servert grillmat og drikka til oppmøtte som kunne setta seg omkring, nyta været og lytta til praktfulle tonar frå korpset. Porten.no slo av ein prat med Oddgeir Øren som var leiar for arrangementet:

– Dagen i dag har vore svært bra. For eit utearrangement som detta, er det klart at me er avhengige av eit så flott vær som i dag.  Med flott vær og slik fin utsikt her i Ofredalen, kan me sei oss fornøygde med både dagen og antall oppmøtte, seier Oddgeir.

Dei fire korpsa Øvre Årdal Janitsjar, Flåm musikklag, Lærdal musikklag og Årdalstangen musikklag har samarbeida saman for å få til arrangement som 70-års jubileet i januar, Ofredalskonserten og fleire andre arrangement som kjem ut året.

Til toppen