Korpsmusikk i vakker lærdalsnatur

For dei som likar korpsmusikk er ein korpskveld på Mjølkeflaten eit stort høgdepunkt.

2007 var starten på det som no har blitt ein tradisjon i Lærdal. Kvart år går nemleg turlaget i bygda og Lærdal musikklag saman og inviterer til konsert på Mjølkeflaten.

– Ein genistrek. Eg hadde forslag om konsert på Storehaugen kvart år, men den gode ideen til Birgit Lervik om å ha det på Mjølkeflaten har slått an, seier ein av veteranane i musikklaget Lars Øyvind Vikesland.

– Me har eit godt samarbeid med turlaget om dette arrangementet. Turlaget stiller med noko godt å bita i, samt saft og kaffi, og me står for det musikalske i denne fine tradisjonen som starta i mai 2007, legg han til.

Godt hjelpt av vakker fuglesong frå strandsnipa, som med sin karakteristiske lokkelæte gav ein ouverture til tromme- og hornmusikk litt seinare, låg alt til rette for ei god musikalst oppleving. Også svarttrosten og bokfinken plystra i veg med sine lystige vårsongar.

Musikklaget på si side leverte musikalske stykker som perler på ei snor. «Kom sommarving», «Danse mot vår» og «Adventure Games» var berre tre av fleire flotte songar.

På sistnemnde songen fekk dirigent Dora David med seg publikum til å syngja «O - A Mjølkeflaten». På veg heim frå konserten gjekk dei yngste å nynna på songen framleis.

– Det er veldig kjekt å vera her, seier Anders Voll Eltun, som var her saman med familien Nina Øyre og dei to jontene Sofie og Andrea. Dei hadde vore bortom turlagsleiar Trond Øyen Einemo og fått saft og kaker å kosa seg med.

Det var ikkje berre musikken som lokka folk ut i naturen denne dagen. På veg oppover var det quiz med nokre finurlege spørsmål ein kunne grubla over. Som avslutning på arrangementet blei det delt ut premie til dei med flest rette. Dei tre heldige var Bente Yttri, Marita Måseidvåg og Olaf Hjermann.

Rundt 80 personar deltok på arrangementet. 

Til toppen