TØFFT: Bærprodusentane i Luster har hatt ei tøff sesong i år
TØFFT: Bærprodusentane i Luster har hatt ei tøff sesong i år (Foto: Linda Watten)

Kort bringebærsesong i Luster i år: – Er berre eit skikkeleg dårleg år

Styreleiar i Luster Grønt AS, Hans Herman Kalhagen, seier fleire faktorar har ført til ein tøff bærsesong i Luster i år.

Luster: Bærprodusentane i Luster har måtte stri med vanskelege forhold i år. Dette fører blant anna til ein uvanleg kort bringebærsesong. 

Styreleiar i Luster Grønt AS, Hans Herman Kalhagen, seier konsekvensane ikkje vert store, men at dei involverte partane nok kjem til å merke det på resultata.

– Konsekvensane vert nok ikkje altfor store, dårlege år er ikkje til å unngå. Me har derimot eit mottak som har utgifter, så det vert meir trekk der. I tillegg vert det mindre inntekter for bøndene, og ein kortare sesong for plukkarane, seier Kalhagen. 

Fleire faktorar som påverkar

Kalhagen seier dei enno ikkje har nokon konkrete svar på kva som kan ha gått gale i årets sesong, men at det er fleire faktorar som kan ha påverka. 

 Me har ikkje fått analysert nøyaktig kva som er gått dårleg. Det kan ha hatt noko med hausten i fjor å gjere, for det er da ein legg til rette. Rotråte er óg eit vedvarande problem, men det kan me forutsjå, seier han. 

– Ein viktig grunn er nok at me hadde ein varm juni. Dette gjorde at me fekk ei meir konsentrert blomstring, noko som gjer bærsesongen kortare. Vanlegvis sprer blomstringa seg ut litt slik at me har meir jamn vekst utover sommaren, seier han.

Lite ein kan gjere

Kalhagen seier at dårlege år er noko ein berre må rekne med, sjølv om sesongen i år vart overraskande vanskeleg.

– Det er ein dårleg sesong, rett og slett. Me veit ikkje kor mykje mindre bær det vert enn vanleg, men sesongen tek nok slutt fortare enn me hadde rekna med. Det har vore ei tøff tid for folk som har drive med bær i år, og ikkje berre grunna forholda. Koronapandemien har gjort sitt, og i tillegg er eurokursen dårleg, noko som gjer ting litt tøft, seier han. 

 

.  

Til toppen