MEIR MILJØVENNLEG: – Kortreist mat er meir miljøvennleg enn importert mat. Vi treng ei auka sjølvbergingsgrad i Noreg, og då må vi ha ei landbrukspolitikk som tek vare på dei små og mellomstore bruka, skriv Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Jan Chr. Jerving
meiningar
MEIR MILJØVENNLEG: – Kortreist mat er meir miljøvennleg enn importert mat. Vi treng ei auka sjølvbergingsgrad i Noreg, og då må vi ha ei landbrukspolitikk som tek vare på dei små og mellomstore bruka, skriv Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Jan Chr. Jerving
meiningar

Kortreist mat frå gard til fat

Raudt Sogn og Fjordane vil av omsyn til mattryggleik og miljøet auke den statlege stønaden til alle matproduserande bønder, og spesielt til små og mellomstore bruk, skriv Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

  • Endret

MEINING: Høgre- og Framstegspartiet sin dårlege jordbruksmelding vart heldigvis forkasta av Stortinget, men den skadelege omlegginga av landbruket held likevel fram, og det går utover dei små og mellomstore bruka.

I tillegg til dette, så importerer Noreg for mykje mat frå andre land. Sjølv om landbruket eigenleg skal vere utanfor EØS, så eksporterer EU stadig meir landbruksvarer til Noreg, både gjennom kvotar frå tidlegare forhandlingar om artikkel 19 og utanom desse kvotane. 

Kortreist mat er meir miljøvennleg enn importert mat. Vi treng ei auka sjølvbergingsgrad i Noreg, og då må vi ha ei landbrukspolitikk som tek vare på dei små og mellomstore bruka. Ifølgje Bondevennen hadde Sogn og Fjordane ein større nedgang i dyrka areal enn landsgjennomsnittet, som var fire prosent nedgang for perioden 2006-2015.

Vi treng ei heilt anna utvikling. Raudt Sogn og Fjordane vil auke matproduksjonen som tek utgangspunkt i norske ressursar, grasareal, dyrevelferd og som er innafor rammene for tålegrensa til naturen. Raudt Sogn og Fjordane vil vidare at ein større del av landbruket skal vere økologisk. 

Raudt Sogn og Fjordane vil av omsyn til mattryggleik og miljøet auke den statlege stønaden til alle matproduserande bønder, og spesielt til små og mellomstore bruk. Vidare så oppmodar vi regjeringa og Stortinget til å seie nei til EU sitt krav om auka marknadsadgang for deira matvarer inn til Noreg. 

Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Til toppen