LOKALE: På torsdag står årdalsbandet Raaskinn for fyrste gong på Målrockscena i Meieriparken. Vidar Ruud er med som gitarist på festivalkonserten. Frå venstre: Ørjan Lindborg, Frank Runar Øren, Vidar Ruud, Thomas Norheim Moen, Joacim Styve og Ørjan Loftheim. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
LOKALE: På torsdag står årdalsbandet Raaskinn for fyrste gong på Målrockscena i Meieriparken. Vidar Ruud er med som gitarist på festivalkonserten. Frå venstre: Ørjan Lindborg, Frank Runar Øren, Vidar Ruud, Thomas Norheim Moen, Joacim Styve og Ørjan Loftheim. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Kortreiste gitarriff

Det er langt i frå fyrste gongen dei står på ei scene, og på torsdag entrar Raaskinn Målrockscena med eit breidt spekter av sjølvskrivne songar. På laurdag kjem og eit gledeleg gjensyn med Strupetakarane.

Både Raaskinn og Strupetakarane vert omtala som lokale heltar i Årdal. I år får begge banda æra av å opna showet på kvar sine dagar, og ser fram i mot eit godt spikra Målrockprogram. 

– No har eg vore bookingansvarleg for Målrock i fire år, og det har vore særs vanskeleg å få booka mitt eige band, fortel vokalist i bandet, Thomas Norheim Moen. 

Under konserten på torsdag har Raaskinn med seg Vidar Ruud på gitar, og saman skal dei framføra den kjende, heimelaga musikken på ekte "aordølsk".

Målrock-maskot

Strupetakarane kan nærmast kallast ein maskot på Målrock, då bandet har stått på plakaten omtrent kvar år, med nokre få unntak. 

Artikkelen held fram under biletet. 

"STRUPIS": Strupetakarane opnar kveldsshowet under laurdagens Målrock. Frå venstre: Frode Aga og Svein Arne Vee. Arkiv
"STRUPIS": Strupetakarane opnar kveldsshowet under laurdagens Målrock. Frå venstre: Frode Aga og Svein Arne Vee. Arkiv

Med notestativet framføre seg, leverar dei songar om bygdeorginalar og historiar som publikum kjenner seg att i. Låtane er gamle slagarar som Strupetakarane har gjort om og erstatta med lokalt innhald. 

Kan publikum vente seg nokre nye låtar i år?

– Det blir nok eit par nye låtar. Og ingen bør kjenne seg trygge, for det finst mange bygdeorginalar i Årdal. Når det er skummelt for oss å stå på scena, så må det vera litt skummelt for publikum og, fortel Svend Arne Vee. 

Med konserten frå i fjor friskt i minne, der Strupetakarane ufriviljug vart bandet som avslutta Målrock på grunn av storm, håpar på betre vilkår i år. 

– Eg har vedteke godt vêr i år, seier Vee. Han minnast opplevinga i fjor, og fortel at han under konserten tykte han fekk ein fantastisk groov og rytme i kroppen. Det var heilt til han innsåg at det var scena som gynga og ikkje han. 

Frode Aga klarar heller ikkje å gløyme fjoråret. – Då notestativet forsvann i eit vindkast vart det tungt å følgja notane.

Strupetakarane er nok det einaste punk-rock-bandet med notestativ, og Aga forklarar det med at notestativet er som ei krykke. – Me må ha notane for å klara å hugsa songane og få teksten riktig.

Sjølvskrivne tekstar

Joacim Styve står bak omlag halvparten av tekstane til Raaskinn, og ofte lagar han tekstane ut i frå eitt einaste ord. – Slik som songen "Gradågg på glaset". Gradågg var eit så tøft ord, så det måtte bli ei låt om det, seier han. 

Men som regel vert både tekstar og ulike riff (melodifrase, journ.mrk) miksa i alle retningar og på tvers av låtane før bandet bestemmer seg for korleis låta skal vere.

– Joacim er eit oppkomme av riff, og fordelen er at han spelar dei inn samtidig, seier gitarist Ørjan Loftheim. Det gjer det lettare for bandet å nytte riffa i låtane, slik at dei ikkje vert gløymt. 

– Og så får han ofte dei beste ideane på do, legg Loftheim til. 

Neste år kjem Raaskinn med plate, men dei veit ikkje når på året den kjem. Heile bandet er einige om at dei gjer det mest for sin eigen del, og fordi det er kjekt. 

– Det er moro å ha noko som er ordentlig som ein kan sjå attende på, seier trommeslagar Frank Runar Øren. 

Til toppen