ANSVAR: «Også i dag trengs politikarar som set langsiktig nasjonalt ansvar føre kortsynt kremmeri. Arbeidarpartiet tek dette ansvaret.». Foto: Arbeidarpartiet.
ANSVAR: «Også i dag trengs politikarar som set langsiktig nasjonalt ansvar føre kortsynt kremmeri. Arbeidarpartiet tek dette ansvaret.». Foto: Arbeidarpartiet.

MEININGAR

Kortsynt kremmeri

Med Norges Jeger- og Fiskerforbund i spissen vart det folkeopprør då H/FrP-regjeringa ville privatisera Statskog.

KOMMENTAR: Andre framstøytar har vore mot Kongsberg Gruppen, Flytoget og fiskeressursane som felleseige. Også fleire av Forsvaret sine oppgåver skal privatiserast, om det så går på beredskap og sikkerheit laus.

Arbeidarpartiet har saman med stortingsfleirtalet fått stogga mykje av det, men høgrepartia gjev seg ikkje. No vil programkomiteen i Høgre delprivatisera Statkraft. Eg møter mange som er forferda. Dei har fått nok ein grunn til å mobilisera for ny regjering.

Jonas Gahr Støre har sagt kraftig ifrå: Arbeidarpartiet seier nei til sal av arvesølvet. Vasskrafta er ein evigvarande ressurs. Fossar og stryk er ein viktig del av naturen, i eit Noreg som skal høyra folket til. Då skal varige naturinngrep òg koma folket til gode. Det gjeld fellesskapet sine inntekter i kommunane – det er 17 kraftkommunar berre i Sogn og Fjordane. Det gjeld nasjonalt, der Statkraft spelar ei viktig rolle for fellesskapsinntekter og offentleg eigarskap. Men saka handlar òg om noko meir:

Noreg bør ta leiarskap i den historiske overgangen til fornybar energi som verda skal gjennom. Statkraft vil vera ein nøkkelreiskap. Det siste me då treng er eit kortsiktig nedsal som mest vert eit utsal til utanlandske interesser. Og argumentet om at delprivatisering er naudsynt for vekst ute, fell på steingrunn: Statkraft, heileigd av staten, er allereie Europas største fornybarselskap og ein global aktør. 

Då utanlandske kapitalinteresser såg dei enorme verdiane i norsk fossekraft, og starta oppkjøp av kraftrettar i stort tempo, tok kloke samfunnsbyggjarar affære. Dei fekk sikra folket sitt eige til vasskraftressursane gjennom dei såkalla konsesjonslovene i 1906, 1909 og 1917. Til sterke protestar frå dåtidas Høgre, som tok avstand frå slike «angrep på den private eiendomsretten».

Også i dag trengs politikarar som set langsiktig nasjonalt ansvar føre kortsynt kremmeri. Arbeidarpartiet tek dette ansvaret.

Tore Hagebakken, stortingsrepresentant (Ap)

Til toppen