STORKOSA SEG: Born og vaksne frå Årdal Mottakssenter var inviterte til Bornas Verdsdagar Førde då dette vart arrangert for femte gong i Førdehuset laurdag 15. november. Foto: Førdefestivalen/Arve Ullebø.
STORKOSA SEG: Born og vaksne frå Årdal Mottakssenter var inviterte til Bornas Verdsdagar Førde då dette vart arrangert for femte gong i Førdehuset laurdag 15. november. Foto: Førdefestivalen/Arve Ullebø.

Kosa seg på Bornas Verdsdagar

Ti born med foreldre frå Årdal Mottakssenter hadde ei fortreffeleg helg på Bornas Verdsdagar Førde i helga.

Laurdag gjekk det femte Bornas Verdsdagar i Førde av stabelen, og totalt var rundt 2800 personar innom dørene dei timane verkstadane og aktivitetane var opne.

Blant desse var det også ti ungar frå Årdal Mottakssenter og deira foreldre, som ifølgje med sosialkonsulent Anne Margrethe Hatlelid var invitert av Førdefestivane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Bornas Verdsdagar Førde var nesten eit større arrangement enn me hadde sett føre oss, seier Hatlelid. 

Artikkelen held fram under biletet.

I FARTEN: Mohammad Sajad treivst veldig godt på Bornas Verdsdagar i Førde.
I FARTEN: Mohammad Sajad treivst veldig godt på Bornas Verdsdagar i Førde.

– Det er utrulig mykje folk og mykje spennande å vera med på. Heldigvis hadde fylkeskommunen lagt opp til at United World College i Flekke var guidar for borna. Eit par av dei var så heldige at dei fekk guidar som snakka deira eige språk; dari og arabisk.

Musikkglade ungar

Etter ein lang tur frå Årdal var dei endeleg på plass på festivalen som vart opna av eit barnekor frå Halbrend skule. 

– Ungane kjende att fleire songar, og musikken fall verkeleg i smak, så dette var ein fin start for alle, fortel Hatlelid. 

I Festsalen, der opninga føregjekk, vart det servert mat frå over tjue land i den internasjonale kafeen Fargerike Førde.

Møte mellom kulturar

På dei ulike verkstadane skulle norsk kultur og kulturar frå andre land møtast. Her kunne ein spela fela med Sigmund Eikås, danske ninja-halling med Anders Aasberg, bollywooddans med Navreet Kaur eller bli introdusert for afrikanske rytmar, lydar og rosler av Raymond Sereba.

Artikkelen held fram under biletet.

GLAD: Mohammad-Salih med eit breitt glis.
GLAD: Mohammad-Salih med eit breitt glis.

Borna frå Årdal likte seg spesielt godt på songverkstaden til Kari Malmanger, der dei lærte songar om dyr. Dette var songar dei kunne frå barnehagen.

– Dette her var at foreldra deira òg fekk vera med å synga, så dette var like for dei vaksne, seier Hatlelid. 

Alle verkstadane var gratis, og i tillegg til dei nevnte, var også ansiktmåling og hårfletting populært blant ungane.

Til toppen